Hopp til innhald

Fagstoff

Mathilde – ein av gutane!

Det er få jenter som søker seg til tradisjonelt mannsdominerte linjer som elektro og datateknologi, teknologi- og industrifag og bygg- og anleggsteknikk. Mathilde trassa den statistikken og angrar ikkje på det i dag.
Mathilde Grøndalen Lund står ved sida av ein stor lastebil. Ho er kledd i rosa kjole og kvite sneakers, og ho held hendene i vêret og smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit kontroversielt val

Etter ungdomsskulen låg det i korta at Mathilde Grøndalen Lund skulle gå studieførebuande. Det var iallfall det foreldra ville. Mathilde sjølv var langt ifrå skolelei og såg for seg høgskule, men ville at vegen dit skulle vere annleis. Faren begynte nemleg som snekker då han var 16, og tok vidareutdanning til ingeniør i vaksen alder, og Mathilde hadde lyst til å gjere det same, berre innan eit anna fag. Ho søkte derfor TIP (no teknologi- og industrifag) utan at foreldra visste det, og kom inn.

Foreldra la ikkje skjul på skuffelsen då Mathilde fortalde kva ho hadde søkt, og meinte at ho kasta bort evnene sine. Men ein kveld dei sat og diskuterte, spurde ho faren sin: «Viss du skulle tilsett ein ingeniør, ville du tilsett ein som har teke den teoretiske vegen, eller ein med arbeidserfaring og kjennskap til korleis maskiner og delar fungerer i praksis?» Dette forandra tankegangen hans.

Den einaste jenta i klassen

I motsetning til mange av gutane i klassen hadde Mathilde aldri verken sveist eller skrudd på bilar, og ho var nervøs for om ho kom til å klare det. Men ein går jo på skulen for å lære, og då skuleåret var ferdig, låg ho ikkje bak gutane lenger.

Som den einaste jenta i ein klasse med 14 gutar, lærte Mathilde seg raskt at ein må vere litt hardhuda og tore å seie frå og setje grenser: «Fordelen med gutar er at kommunikasjonen er brutal, men enkel. Seier ein tydeleg nei, forstår dei beskjeden, utan sure miner. Men éin ting har eg erfart ved å jobbe med berre menn: Det hjelper å ha enkel humor og selektiv høyrsel. Knekker ein denne koden, får lattermusklane verkeleg køyrt seg.»

14 gutar og éi jente framfor eit bord med fargerike terningar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tunge køyretøy og Forsvaret

Då det var tid for å velje linje på VG2, gjekk Mathilde for tunge køyretøy. Ho blei utplassert på ein verkstad med tunge køyretøy og fekk tilbod om læreplass der etter VG2, men rettleiaren hennar tilrådde henne å søke minst to plassar. På det tidspunktet hadde Mathilde begynt å interessere seg for eit utdanningsløp i Forsvaret, og ved ein slump oppdaga ho ein ledig lærlingplass på ein av verkstadene til Forsvaret med søknadsfrist same dag. Ho søkte med det same og enda opp med å få tilbod om læreplass der òg, som ho takka ja til.

Etter læretida fekk Mathilde fast stilling som lastebilmekanikar i Forsvaret, og ho trivst veldig godt i jobben. På verkstaden er det vanleg å jobbe i team på to eller tre, og ho jobbar framleis i det same teamet som då ho var lærling.

Kva no?

Planen til Mathilde var alltid vidare utdanning, så no har ho begynt å ta opp fag for å få påbygg til generell studiekompetanse. Ho satsar på å søke seg inn på maskiningeniørlinja om eit par år.

Mathilde fortel òg at haldningane til faren har forandra seg veldig: «Han er stolt av vala eg har teke, og det eg har fått til. Kanskje spesielt fordi eg heldt fast på vala mine, sjølv med motstanden frå familien. Det kravde sitt, og det skjønner han. Det gjer jo ekstra godt å sjå det dårlege samvitet hans krype fram kvar gong temaet kjem opp.»

Skryter av yrkesfag

I dag skryter Mathilde veldig av opplæringa og spesielt éin lærar: «Han som hadde hovudansvaret for den teoretiske delen av pensum, er ein av dei smartaste personane eg har møtt. Entusiasmen hans for faget smitta over på meg. Det er mykje takk vere han og teamet eg jobba med, at eg kunne avslutte læretida med mykje godt bestått på fagprøven. Det gav ei enorm meistringskjensle og viste at det er få ting ein ikkje klarer, viss ein berre er sta nok!»

Ho fortel òg at ein blir fort vaksen når ein går yrkesfag og blir lærling, fordi ein må ut i jobb og tene pengar. Det er forventa at ein leverer og produserer noko. Det gir òg moglegheiter som andre ikkje har. Til dømes kjøpte Mathilde og kjærasten hus saman då ho starta på andreåret som lærling, og ho tviler på at det hadde vore mogleg med eit anna utdanningsløp.

Mathilde angrar altså ikkje på at ho valde yrkesfag, og vil på det sterkaste oppmode fleire jenter til å søke:

Eg har berre éin ting til å seie: Jenter, søk yrkesfag! Gutane treng oss!

CC BY-SASkrive av Bjørn Dølving.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2019

Læringsressursar

HMS for eleven