Hopp til innhald

Fagstoff

Grunnleggjande HMS

Eit planmessig HMS-arbeid skal sikre mot tap.
Arbeidstakaren skal sikrast mot sjukdom og skade.
Bedrifta skal sikrast mot økonomiske tap i form av skade på utstyr, materiell og avbrot i drifta.
Plastdunk med kjetting og hengelås rundt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å oppnå gode resultat (og tilfredsstille forskriftene) skal bedriftene:

  • beskrive HMS-målsetjinga.
  • lage ei enkel risikovurdering.
  • sørgje for å registrere nesten-uhell, skadar og sjukdom slik at gjentak kan førebyggjast.
  • årleg vurdere om HMS-arbeidet er godt nok.


God dialog

Ein god dialog mellom leiarar og tilsette, slik avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv gjer greie for, er avgjerande for utviklinga av ein god arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø utan skadar og med lågt sjukefråvær.

Alle verksemder krev styring og planlegging. Eit styringssystem kan utformast på mange måtar. For små verksemder er det viktig at det ikkje blir laga store og vanskelege system for å planleggje og følgje opp viktige aktivitetar. Eit styringssystem, stort eller lite, består eigentleg berre av fire grunnleggjande aktivitetar.

  • Fortel kva du skal gjere (alle planlagde tiltak).
  • Gjer det du sa du skulle. Sjekk at tiltaka blir utførde. Dette krev ansvar og tidsfrist.
  • Sjå etter at du har gjort det du sa du skulle gjere. Kontroller at ting er gjorde.
  • Dersom resultatet ikkje blei som venta – gjer noko med det.

Kjenneteiken på ei god bedrift

Mål for HMS-arbeidet

Eit godt HMS-arbeid er langsiktig og må styrast etter fastsette mål. Konkrete mål for HMS bør motivere alle i arbeidet med å skape ein trygg, sikker og triveleg arbeidsplass. HMS-måla bør vere så konkrete at det er mogeleg å gjennomføre tiltak for å oppnå målet.

Felles for alle bedrifter er at når vi jobbar saman med nokon vi trivst med, opplever vi jobben som god, og arbeidsplassen er god for helsa. Når samarbeidet med arbeidskameratar eller leiarar er dårleg, opplever vi jobben som vanskeleg.

God leiing

Arbeidsplassen kan bli helsebelastande og føre til sjukdom og skadar, låg effektivitet og misfornøgde kundar. Alle må derfor bidra til å skape den gode, trygge og sikre arbeidsplassen. Ein god arbeidsplass blir kjenneteikna av ein klar og tydeleg leiar som lèt tilsette ta ansvar, og tilsette som medverkar aktivt til eit godt og triveleg arbeidsmiljø.

Eigerskap til jobben

Ei god bedrift er ei bedrift der dei tilsette føler at dei har eit eigarforhold til bedrifta, produksjonen og produktet. Den tilsette føler at han/ho betyr noko for bedrifta og dei resultata bedrifta oppnår. Dersom den enkelte også opplever å få høve til å bruke kunnskapane sine og utvikle seg fagleg, er grunnlaget for den gode arbeidsplassen og god helse lagt.

Tilbakemelding

Det er også viktig for den enkelte å vite kva krav som blir stilte til jobben. Like viktig er det at alle får klare tilbakemeldingar om ein gjer ein god eller dårleg jobb. Ein god regel er å gi ros mens andre høyrer på og ris på tomannshand.

Konflikthandtering

Ein triveleg arbeidsplass blir også kjenneteikna ved at konfliktar, anten dei er mellom tilsette eller med leiar, blir løyste mens dei er små. Kort sagt kan vi seie at dårlege kollegaer og leiarar er ein helserisiko, mens gode leiarar og gode kollegaer fremjar god helse. Det er ikkje mogeleg å oppnå eit godt HMS-nivå utan å skape ein triveleg arbeidsplass.

Dokumentasjon

Det blir stilt krav om dokumentasjon av HMS-arbeidet. Papir eller dokumentasjon åleine førebyggjer verken skadar eller sjukdom, det er det tiltak som gjer. I ei lita bedrift bør ein derfor leggje vekt på enkle planar, skrive ned det som blir gjort og kva resultat som blir oppnådd. På den måten kan eigne krav om trygg og sikker drift takast vare på saman med krav frå styresmaktene om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid.

Dokumentasjonen skal gjerast så enkel som mogeleg og beskrive det ein faktisk gjer. Det er viktig for eit planmessig HMS-arbeid og er heilt vesentleg når Arbeidstilsynet kjem på inspeksjon.

Kva kan skje?

Sjukdom og skade gir ofte fråvær. Nokre gonger skuldast det ulykker, i andre tilfelle at arbeidet eller arbeidsplassen er blitt ei belastning. I alle tilfelle er det bedrifta sjølv som kjenner sine risikofaktorar og forhold best. Derfor bør leiar og tilsette saman liste opp mogelege farlege forhold og arbeidsoperasjonar. Når det er gjort, diskuterer ein alle forhold og arbeidsoperasjonar på lista med spørsmåla: Kor ofte kan noko slå feil, og kor ille kan det bli? (kva som er sannsynleg og kva konsekvensen vil bli).

Kva gjer vi med det?

  • Reduser at det er sannsynleg at noko skjer. Mykje rot og uorden gjer det meir sannsynleg å snuble. Ein ryddig arbeidsplass med gode rutinar gjer det mindre sannsynleg at dette skal skje.
  • Sørg for at konsekvensane blir mindre. Ein rusten spikar i foten kan gi mange dagars sjukefråvær. Vernesko hindrar ikkje at nokon trakkar på ein spikar, men det blir ingen skade.


Begge typar tiltak reduserer risikoen for at ein skade kan oppstå. Først ved å gjere det mindre sannsynleg at noko skjer. Det andre ved å redusere konsekvensane om noko skjer.
Den første typen tiltak er ofte både best og billigast. Dersrom det ikkje er mogeleg å redusere faren for at skade og sjukdom oppstår, må verneutstyr og andre vernetiltak brukast.

CC BY-SARettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 31.01.2020

Læringsressursar

HMS for eleven