Hopp til innhald

Fagstoff

Avviksrapportering

Arbeidsmiljøloven gjer greie for kva rettar og plikter arbeidstakarar og arbeidsgivarar har, og store delar av loven omhandlar helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS).
Samanstøyt mellom to bilar i eit vegkryss. To personar står og ser på bilane som har kollidert. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Internt system for avviksrapportering

Ein av dei tinga loven krev, er at bedrifter må ha eit internt system der arbeidstakarar kan melde frå om kritikkverdige helse-, miljø- og tryggleiksforhold. Ved ulykker eller nestenulykker skal bedriftene ha system for skademeldingar, men òg andre avvik i produksjonen kan vere interessante å registrere.

Kvifor er avviksrapportering så viktig?

Tenk deg at du er operatør i ein fabrikk og oppdagar ein liten gasslekkasje. Når du prøver å stramme boltane for å tette lekkasjen, vrir tetninga seg sånn at det brått strøymer ut store mengder eksplosiv gass. Etterpå viser etterforskinga at liknande ting har hendt fleire gonger før ved fabrikken, men det har aldri blitt rapportert. Derfor har det heller ikkje blitt gjort tiltak for å hindre at slike situasjonar oppstår.

Med eit rapporteringssystem som fungerer, kan vi unngå hendingar som dette.

Avviksrapportering bruker ein for å avdekkje uønskte hendingar slik at det er mogleg å komme med korrigerande tiltak for å unngå gjentaking.

Årsaka til avvik er ofte manglande eller mangelfulle prosedyrar eller feil på måleinstrument eller utstyr. Når avvik blir rapporterte inn, kan dei ansvarlege komme med tiltak for å unngå liknande hendingar i framtida.

Kva skal ein rapportere?

Avvika som blir registrerte i dette rapporteringssystemet, er hendingar som medfører skader på personar eller utstyr. Hendingar som kunne ha ført til skade, blir òg registrert.

I tillegg til ulykker og nestenulykker kan vi i rapporteringssystemet registrere hendingar som fører til redusert produksjon eller full stans av produksjonen. Slike avvik kan òg leie til skade på personar eller utstyr, så det er veldig viktig å gjere noko for å hindre at dei skjer igjen.

Det er gjerne produksjonsarbeidarane som rapporterer inn avvika og kjem med forslag til tiltak som kan gjerast for å unngå at avvika gjentek seg. Ingeniørane kan gå meir i djupna for å finne årsaka, og dei kan finne ut kva for tiltak som er mest effektive.

Når du skal rapportere eit avvik, er det viktig å få med dette:

  • Kva var det som skjedde?
  • Kvifor skjedde det?
  • Kva meiner du kan gjerast for at det ikkje skal skje igjen?

Hugs at målet med rapporten er å hindre at avvika gjentek seg!

CC BY-SASkrive av Rune Mathisen.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2018

Læringsressursar

HMS for eleven