Hopp til innhald

Fagstoff

Stress

Stress kan gi store helseproblem. Her får du ei innføring i kva vi meiner med stress, i årsaker og verknader. Kva kan vi gjere for å redusere helseproblema og andre uheldige verknader av stress?
Stressa ung kvinne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er stress?

«Å, eg er så stressa!» Kor mange av oss har ikkje høyrt dette nødropet frå venner og kjenningar? Tilstanden dukkar opp når vi blir utsette for påkjenningar som vi har problem med å handtere. Uttrykket blir gjerne brukt om påkjenningar som slit på oss.

Men kva er eigentleg stress? Reint biologisk dreier stress seg om korleis kroppen reagerer på påkjenningar. På ein måte er stress eit forsvar frå kroppen når vi kjenner oss truga eller blir utsette for stort press. Stress blir brukt både om årsakene til og verknadene av press og påkjenningar.

Vi har alle ei grense for kva vi toler av ytre press og påkjenningar før vi opplever situasjonen som stressande. Dersom stresset varer ved, kjem vi inn i ein vond sirkel – kjensla av stress aukar meir og meir, og stressreaksjonen blir sterkare og sterkare. Det kan gi plagsame fysiske og psykiske symptom, for eksempel uro og angst, spenningshovudverk, muskelspenningar i nakken og skuldrene.

Å, eg er så stressa …

Dei fleste av oss vil før eller seinare møte påkjenningar som gir stress. På skulen er det krav til prestasjonar – som å gjere det bra til eksamen og få gode karakterar. I ein skulestil skreiv ei jente:

«Eg møter forventningar alle stader. Dette er ei utsegn vi møter oftare og oftare hos ungdom. Ungdom møter forventningar på dei fleste områda, og med forventningar følgjer press. Områda som ungdom møter forventningar på, kan vere på fritida, hos venner, hos familie, på skulen og i høve til framtida. Dette kan få alvorlege konsekvensar.

[…] Kvardagen på skulen kan vere med på å skape forventningspress. Det hender lærarane ikkje er merksame på at elevane har andre arenaer også der dei skal oppfylle forventningar. Konkurranse mellom skular om å ha dei beste resultata kan forplante seg til elevane. Dei får mykje lekser og greier ikkje gjere det så bra som dei ønskjer. Det gir heller ikkje tid til refleksjon, berre produksjon.»

Dette kallar vi prestasjonsstress. Det råkar hardast dei som føler at alt står og fell med resultata og prestasjonane.

Gut som skriv på ei prøve. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stress på arbeidsplassen

Høgt stressnivå er ei vanleg årsak til nedsett produksjon. For mykje stress gjer oss mindre effektive. Ifølgje Arbeidstilsynet opplever kvar tredje norske arbeidstakar stress knytt til arbeidet.

Å ha det travelt i eit hektisk arbeidsmiljø kan kjennast positivt for mange. Men presset kan bli større enn vi kan handtere. I somme serviceyrke er det vanleg med kjas og mas frå kundane. Det kan for eksempel vere tilfellet for resepsjonistar, salsmedarbeidarar, reiselivsmedarbeidarar og yrkessjåførar.

Å redusere stress på arbeidsplassen

Redusert stress gir større effektivitet og mindre sjukefråvær, og dermed større arbeidsglede og betre helse.

Psykologar hevdar at sosial støtte dempar reaksjonane på stress. Det er vanleg å skilje mellom fire former for sosial støtte:

  1. Kjensleprega støtte – syne interesse og omsorg
  2. Oppgåvestøtte – rettleie og hjelpe til med å løyse problem og oppgåver
  3. Informasjonsstøtte – informere om og forklare kva som skjer ved omorganisering, nedbemanning og i krisesituasjonar
  4. Praktisk støtte – gi pengar, råd og hjelp i kvardagslege situasjonar (Kjelde: Kaufman og Kaufman, 2003)

Eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer kan ta initiativ til å førebyggje og dempe stress. For ein arbeidsleiar er det ei viktig oppgåve å skape eit arbeidsmiljø som tek vare på helse, miljø og tryggleik. Dersom det handlar om psykiske eller psykososiale faktorar i arbeidsmiljøet, kan vi prøve å betre samarbeidet.

Relatert innhald

Kva er stress? Oppgåvene tar for seg ulike sider ved stress og skal gjere deg meir medveten om korleis du kan unngå stress på skulen eller på jobb.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 18.11.2017

Læringsressursar

HMS for eleven