Hopp til innhald

Fagstoff

Introduksjon til regulering

I denne artikkelen skal de lære kva vi meiner med regulering i elektro- og datateknologifaget, og bli introduserte for eit par grunnleggande prinsipp for regulering.
Nivåreguleringsmodell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike prinsipp for regulering

Regulering bruker vi mellom anna når vi ønsker å ha ein konstant temperatur i eit rom eller at bilen vår skal køyre med ein bestemd fart.

Av/på-regulering

Ein panelomn som vi varmar opp eit rom med, er som oftast utstyrt med ein termostat. Denne stiller vi inn den ønskte temperaturen i rommet på. Termostaten verkar slik at når temperaturen er under det vi ønsker, skrur termostaten varmetrådane i panelomnen på, og det kjem varme frå panelomnen. Når temperaturen blir høgare enn det vi har stilt termostaten på, skrur termostaten varmetrådane av, og varmeomnen sluttar å gi frå seg varme. Denne reguleringsmetoden kallar vi for av/på-regulering fordi vi skrur varmetrådane i panelomnen av eller på.

Panelomn med termostat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontinuerleg regulering

Av/på-metoden eignar seg dårleg til å justere farten i ein bil med. Derfor bruker vi kontinuerleg regulering til å halde konstant fart i ein bil. Viss vi hadde brukt av/på-regulering, ville gasspedalen anten vore heilt på eller heilt av, og bilen ville hoppa bortover vegen.

Motoren i bilen eller varmetrådane i varmeomnen kallar vi for pådragsorganet. Det er pådragsorganet som påverkar det vi ønsker å regulere, til dømes farten til bilen eller temperaturen i rommet.

Farten til bilen eller temperaturen i rommet kallar vi for (PV) eller er-verdien på fagspråket.

Den farten vi stiller konstantfartshaldaren til bilen på, eller temperaturen vi stiller termostaten på, kallar vi (SV) eller skal-verdi.

PID-regulering

Ulike prosessar krev likevel ulik type respons frå pådragsorganet for "å flyte" best mogleg. For å unngå at prosessen blir prega av rykk og napp og uro, blir det ofte brukt såkalla . Det er ei form for regulering som bruker tre ulike matematiske einingar for å jamne ut prosessen mest mogleg. Desse kan ein stille inn manuelt etter berekningar, men mange regulatorar har i dag også gode moglegheiter for automatisk innstilling, såkalla .

CC BY-SASkrive av Trond Selstø og Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 29.09.2021

Læringsressursar

Kontinuerleg regulering