Dokumentasjon kontinuerlig regulering - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Dokumentasjon kontinuerlig regulering

Her får du ein kort gjennomgang av kva som er nødvendig dokumentasjon i læringsoppdraget om kontinuerleg regulering.

Nødvendig dokumentasjon

  • Teknisk flytskjema (as built): Her må vi oppdatere det opphavlege tekniske flytskjemaet frå planlegginga, slik at det blir heilt korrekt i forhold til det ferdige prosessanlegget. Detaljar som vi må vurdere å ta med på det tekniske flytskjemaet, er til dømes bypass-ventilar, block & bleed-ventilar, tryggleiksavstengingsventilar o.l.
  • Sløyfeskjema (as built):Her må vi oppdatere det opphavlege sløyfeskjemaet frå planlegginga, slik at det blir heilt korrekt i forhold dei vala vi har gjort når det gjeld kabling, bruk av koplingsboksar, nødvendige rekkjeklemmer, kabelmerking, tilkoplingsmerking på utstyr osv. Her må òg korrekte tekniske data for sjølve prosessen, signalstandardar og det utstyret vi har valt, førast på.
  • Kalibreringskort for transmitter
  • Kalibreringskort for ventil
  • Kabeltesten
  • Lekkasjetesten

Dei dokumenta som er nemnde ovanfor, skal heile tida vere oppdaterte og ein del av anleggsdokumentasjonen.

Sluttkontroll

Alle elektriske installasjonar skal sluttkontrollerast i samsvar med forskrifter og normer. Det vil sjølvsagt også vere behov for:

  • skisser og teikningar av rammeverk
  • mekaniske samanstillingsteikningar og liknande
  • skjema for energitilførsle med nødvendige data

Relatert innhald

Skrive av Odd Ståle Vikene.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2018