Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Spørsmål om transmitter og regulator

Fritekstoppgåve der du skal skissere og forklare komponentar som inngår i ei reguleringssløyfe. I desse oppgåvene må du ta utgangspunkt i utstyr som du kjenner frå før, eller du må velje utstyr frå ein leverandør. Ta utgangspunkt i dokumentasjonen/datablada frå leverandøren.
  1. Forklar korleis du kan kontrollere kalibreringa av ein nivåtransmitter ved hjelp av ein såkalla fempunktssjekk. Transmitteren er ein differansetrykktransmitter med utgang på 4- 20 mA, og skal måle nivået i ein 10 m høg tank med vatn. Transmitteren er plassert ved botnen av tanken.
  2. For å få betre tilgang til transmitteren, flyttar vi transmitteren i denne oppgåva over til ei plassering som er 1 m under botnen i tanken. Er det då naudsynt å kalibrere transmitteren på ny, og kva blir eventuelt det nye måleområdet?
  3. Innhaldet i tanken blir forandra frå vatn til hydraulikkolje. Må vi då kalibrere om transmitteren, og kva blir eventuelt det nye måleområdet? Ta utgangspunkt i databladet til ei hydraulikkolje.
  4. Kva meiner vi med omgrepa "linearitet" og "hysterese" når det gjeld målesignalet frå ein transmitter?
  5. Ein transmitter blir oppgitt med eit øvre måleområde opp til 140 kPa. Trykkalibratoren som du skal nytte, oppgir trykket i bar og psi. Kva blir 140 kPa oppgitt i bar og psi?
  6. Beskriv korleis du ville ha kontrollere kalibreringa på ein reguleringsventil. Teikn ei skisse over måleoppsettet.
  7. Kva blir rekna som slitedelar i den reguleringsventilen som du valde i oppgåva over?
  8. Beskriv korleis du ville ha optimalisert ei nivåregulering. Grunngi valet av metode og gjer greie for kva resultat ein kan vente. Teikn ei fleirlinja skisse for tilkopling av ein skrivar i reguleringssløyfa.
  9. Det viser seg at ein regulator alltid vel PID-regulering når Autotune er ferdig. Følgjande verdiar blei valde P = 25, I = 3 og D = 1. Når vi køyrer reguleringa, viser det seg at vi har for stort oversving når nelastninga endrar seg. Det er ønskjeleg at oversvinget blir minska. Kva for nokre av PID-parametrane over vil du endre på, og vil du auke eller minske verdien på parametrane?
  10. Vil ei PID-regulering alltid vere eit betre val enn ei PI-regulering? Grunngi svaret.
CC BY-SASkrive av Odd Ståle Vikene.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2019

Læringsressursar

Kontinuerleg regulering