Hopp til innhald

Fagstoff

Hovudstraumskjema

Hovudstraumskjemaet er eit skjema som viser hovudstraumen i eit anlegg. Skjemaet kan teiknast som einlinjeskjema eller som fleirlinjeskjema. Einlinjeskjema blir brukt ved prosjektering og dimensjonering. Fleirlinjeskjema blir brukt når vi vil vise korleis eit elektrisk anlegg skal koplast.
Hovudstraumskjema, fleirlinje. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som oftast er det kontaktorstyring som fører spenning til ein motor. I hovudstraumen koplar ein òg motorvern som «føler» på kor stor straum som går til motoren, og som reagerer dersom det blir for mykje straum, altså overbelastning. I dette skjemaet er det òg teke med førekopla sikringar før motor.

CC BY-SASkrive av John H. Vijzelaar og Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 09.09.2020

Læringsressursar

Digital skjemateikning