Hopp til innhald

Fagstoff

Skjemateikning

Skjemateikning omfattar ulike slags skjematekniske teikningar, til dømes eit koplingsskjema for eit elektrisk eller pneumatisk anlegg eller ei oversikt over eit prosessanlegg. Slike skjema skal ikkje innehalde for mange ord, og dei må lagast slik at ein lett kan forstå dei.
Bilete viser to forskjellige skjema over koplingar der fleire kontaktorar og brytarar er med. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skjemateikning er viktig når vi skal kople opp, kontrollere eller feilsøkje. Skal vi kunne gjere dette på ein tilfredsstillande måte, treng vi eit skjema vi kan lese og forstå.

Enkelte styringar blir utførte av kontaktorar eller relé, noko kan styrast med datamaskiner, og ein kan òg bruke PLS (programmerbar logisk styring) for å styre maskiner og anlegg.

Vi bruker hovudstraumskjema og styrestraumskjema for å vise styring for motor, pumpe osb.

CC BY-SASkrive av John H. Vijzelaar og Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2020

Læringsressursar

Digital skjemateikning