Hopp til innhald

Fagstoff

Styrestraumskjema

Styrestraum heng ofte saman med ein hovudstraum i eit elektrisk anlegg. Kontaktoren i anlegget må ha ei styring for å slå inn og ut. Skjemaet som viser korleis denne styringa blir utført, kallar vi for eit styrestraumskjema.
Styrestraumskjema. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Styrestraumen styrer og aktiverer kontaktoren ved hjelp av start-/stoppknappar, givarar, ulike brytarar og så vidare. Det er òg i styrestraumen motorvernet bryt kretsen og stoppar anlegget ut frå straumen/varmen som blir registrert i hovudstraumen.

CC BY-SASkrive av John H. Vijzelaar og Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 08.09.2020

Læringsressursar

Digital skjemateikning