Hopp til innhald

Fagstoff

Skalaforhold i teikningar

Det er vanleg å lage teikningar etter skala. Vi kan forminske eller forstørre teikningane. Ved naturleg målestokk blir skala 1:1 brukt. Vil du forstørre skalaen, kan du til dømes bruke 2:1, 10:1 eller 50:1 osb. Ønskjer du å forminske skalaen, kan du bruke 1:2, 1:10 eller 1:50 osb.

I programmet PC Schematic vil du under Innstillinger – Sideinnstillingar få opp valet «Skalaforhold 1:». Her må du velje målestokk. Det normale er 1:1, 1:50 eller 1:100. Til dømes betyr 1:100 at 1 cm på teikninga svarer til 100 cm (1 m) i røynda.

Biletet viser en skjermdump frå teikneprogrammet PC Schematic. Innstillingar for skalaforhold er merkte av.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av John H. Vijzelaar og Magnar Lynglund.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2020

Læringsressursar

Digital skjemateikning