Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Elevmedverknad i vurderingsarbeidet

På skulen der Alana jobbar, har dei lenge jobba for å få elevane aktivt med i vurderingsarbeidet. I dag skal læraren ha ei innføring i temaet eigenvurdering.
Planlegging. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Læraren har laga følgjande diskusjonsoppgåve til elevane:

Eigenvurdering

  • Korleis kan du vurdere ditt eige arbeid i programfaga?
  • Kva motiverer deg til å vurdere ditt eige arbeid?
  • Kva kan vere utfordrande med å vurdere sitt eige arbeid?
  • Kva trur du er forventa av ei god eigenvurdering?

Diskuter punkta.

Alana sit saman med ei gruppe der motivasjonen for arbeidet med eigenvurdering varierer mykje.

Ein av elevane seier: «Dette er berre tull. Det er alltid læraren som bestemmer likevel, så kvifor skal eg bruke tid på noko som ingen høyrer på?»

Kva bør Alana seie i denne situasjonen?

Relatert innhald

Opplæringslova handlar om kva rettar og plikter som er knytte til all opplæring og skulegang i Noreg.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Videregående skole som arbeidsplass