Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tenåringspress

Alana opplever at mange av ungdommane på Berghammaren vidaregåande skule slit på ulike måtar. Skulen prøver ei rekkje ulike tiltak for å hjelpe ungdommane. Sjå filmen under som inspirasjon før du startar på oppgåvene.
  • Finn ut kva slags typar hjelp skulen din tilbyr til ungdom som slit.
  • Skriv ein tekst med tittelen «Tenåringspress». Del teksten med to andre i klassen og be om å få tilbakemelding på det du har skrive.
  • Lag ei teikneseriestripe eller ein collage om tenåringspress.
  • Korleis kan Alana og dei andre hjelpe ungdommane med å vere nøgde med livet sitt?
  1. Kva krav stiller samfunnet vårt til tenåringar i dag?
  2. Kva press er det ungdommane i filmen snakkar om?
  3. Kvifor aukar talet på deprimerte gutar og jenter?
  4. Kva samtalar tek Røde Kors-telefonen imot?
  5. Kva er ungdommane i filmen redde for?
  6. Kven skaper det presset som ungdommane opplever?
  7. Kva kan ungdommane gjere for å stå imot kravet og presset frå samfunnet?

Relatert innhald

Fleire undersøkingar stadfestar at barn som har vener, er mindre utsette for mobbing.

Å vere saman med barn på same alder, er positivt for den sosiale utviklinga til barn.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2019

Læringsressursar

Videregående skole som arbeidsplass