Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gruppe på Facebook

Ein dag kjem Silje og ber om å få prate med Alana. Ho fortel at to av jentene i klassen hennar har oppretta ei Facebook-gruppe med namnet hennar i. Gruppa heiter «Silje er ikkje så vanskeleg å be». Jentene har lagt ut ein del bilete på sida. Gruppa har allereie fått mange tilhengjarar, og Silje liker det ikkje.
  • Kva bør Alana gjere?
    Lag eit rollespel der de tek for dykk dette problemet. Prøv å løyse konflikten.
  • Kven av dei tilsette på skulen kan hjelpe deg med å løyse slike problem?

Ei stund etter denne episoden har Alana og lærarane i klassen bestemt seg for å lage eit undervisningsopplegg om bruk av Facebook. Temaet for undervisninga skal vere «Å beskytte meg sjølv og andre på Facebook».

Sjå filmen før du gjer oppgåva under.

Planlegg undervisningsopplegget saman med læraren din.

  • Kva bør de ta med?
  • Kor lang tid skal de bruke?
  • Kva form skal undervisninga ha?

Bruk gjerne aktivitetsplanleggjaren.

Relatert innhald

Mediekulturen har langt på veg endra vilkåra for sosialiseringa av barn. Særleg har TV og internett fått ei vesentleg sosialiserande rolle.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 17.08.2018

Læringsressursar

Videregående skole som arbeidsplass