Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Trine er umotivert

Alana skal ha siste skuletimen saman med læraren i Vg1 design og handverk. På veg til klasserommet møter ho Trine i ytterklede og med sekken på ryggen.

Alana stoppar for å prate med Trine. Her er starten på samtalen:

Alana: Hei, Trine!
Trine: Hei.
Alana: Det ser ut som du er på tur ut?
Trine: Huff, ja, eg gidd ikkje meir, er dritlei denne skulen. Angrar på at eg gjekk hit i dag.

Alana veit at Trine har mykje fråvær, og at ho ikkje liker seg så godt på skulen. Trine har fleire venner i klassen og på skulen elles. Ho klarer oppgåvene godt dei gongene ho gjer dei, men ho seier ofte at ho ikkje gidd.

Fullfør samtalen mellom dei to. I samtalen bør du leggje vekt på

  • å kommunisere slik at det skaper tryggleik og tillit
  • å skape betre haldningar til skulen
  • å motivere
CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2018

Læringsressursar

Videregående skole som arbeidsplass