Hopp til innhald

Fagstoff

Cosinussetninga

Vi skal no bli kjende med ei setning som i enda større grad enn sinussetninga gjer oss i stand til å finne sidelengder og vinklar i trekantar som ikkje er rettvinkla. Provet for setninga kjem etter eksempla.

Gitt ein trekant ABC. Vinkel A har motståande side a, og det er tilsvarande for dei andre vinklane. Følgjande setning gjeld:

Cosinussetninga (Den utvida pytagoreiske setninga)

Trekant A B C der vinkel stor A har motståande side liten a. Det er tilsvarande for dei andre vinklane. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

a2=b2+c2-2bc cosA

I ein trekant er kvadratet av ei side alltid lik summen av kvadrata av dei to andre sidene minus to gonger produktet av desse sidene og cosinus til den mellomliggjande vinkelen deira. Vi kan derfor også skrive setninga på følgjande to andre måtar:

b2=a2+c2-2ac cosB

c2=a2+b2-2ab cosC

Vi kan bruke cosinussetninga til å finne både sider og vinklar. Når vi skal finne vinklar, kan det vere lurt å snu på formelen slik som vist nedanfor.

            a2 = b2+c2-2·b·c·cosA2·b·c·cosA=b2+c2-a2        cosA=b2+c2-a22·b·c

Dei andre vinklane blir då

cosB = a2+c2-b22·a·ccosC=a2+b2-c22·a·b

Skal vi bruke GeoGebra til å løyse oppgåvene, treng vi ikkje snu på formelen.

Eksempel 1

Figuren viser ein trekant ABC .

Trekant A B C der sida A B er 5,5 centimeter, sida A C er er 3,5 centimeter og vinkel A er 35 grader. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rekn ut sida BC når sida AC er 3,5 cm, sida AB er 5,5 cm og  A = 35°.

Løysing

Vi bruker varianten av cosinussetninga med vinkel A, sidan det er den vinkelen som er oppgitt, og løyser med GeoGebra.

a2= b2+c22bc cosA

a2=3.52+5.52-2·3.5·5.5·cos35°1NLøys:  {a=-3.3, a=3.3}

a=3,3 cm

Eksempel 2

Figuren viser ein trekant ABC.

Trekant A B C med sider A B lik 5,5 centimeter, A C lik 3,5 centimeter og B C lik 3,3 centimeter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rekn ut B når du veit at a=3,3 cm, b=3,5 cm og c=5,5 cm.

Løysing

Vi bruker varianten av cosinussetninga med vinkel B sidan det er denne vinkelen det er spurt etter og løyser med GeoGebra.

3.52=3.32+5.52-2·3.3·5.5·cosB°1NLøys:  {B=-37.26, B=37.26}

B=37,3°

Kommentar

Når vi bruker cosinussetninga til å finne vinklar, får vi alltid berre éi løysing. Dersom vi bruker sinussetninga til å finne vinklar, får vi to løysingar, og vi må sjølv vurdere kva for verdiar som passar i den aktuelle trekanten.

Prov for cosinussetninga

Vi let først vinkel A vere mindre enn 90 grader.

Trekant A B C med normal frå C ned på sida A B. Vinkel A er mindre enn 90 grader. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi har ein trekant ABC der vi har markert høgda h (normalen) frå C ned på sida c (eller AB). Høgda h deler trekanten i to rettvinkla trekantar. Vi bruker Pytagoras si læresetning på begge trekantane, først den til høgre.

a2 = h2+c-x2a2 = h2+c2-2·c·x+x2a2 = h2+x2+c2-2·c·x

Pytagoras si læresetning på trekanten til venstre gir

h2+x2=b2

I tillegg har vi at  cosA=xb, dvs.  x=b·cosA. Då får vi

a2 = b2+c2-2·c·b·cosAa2=b2+c2-2·b·c·cosA

Så let vi vinkel A vere større enn 90 grader.

Trekant A B C med normal frå C ned på forlenginga av sida A B på grunn av at vinkel A er større enn 90 grader. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi bruker Pytagoras si læresetning på den store, rettvinkla trekanten (heile figuren) med sider h, c + x og a.

a2 = h2+c+x2a2 = h2+c2+2cx+x2a2 = h2+x2+c2+2·c·x

Så bruker vi Pytagoras si læresetning på den vesle, rettvinkla trekanten (deler av figuren) med sider h, x og b. Då får vi

h2+x2=b2

I tillegg har vi at

cos180°-A=xb

Her skulle vi helst ha hatt cosinus til A åleine. Frå sida To vinklar – same sinusverdi har vi at

cos180°-A = -cosA-cosA=xbx=-b·cosA

Då får vi

a2 = b2+c2+2c·-b cosAa2 = b2+c2-2bc cosA

Til slutt let vi vinkel A vere lik 90 grader.

Då er cosA=0 , og vi får Pytagoras si setning  a2=b2+ c2  både ut i frå cosinussetninga og figuren.

Vi skjønar då kvifor cosinussetninga også blir kalla den utvida pytagoreiske setninga.

Vi har med dette prova at cosinussetninga gjeld for alle trekantar.

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2023

Læringsressursar

Trigonometri