Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sinussetninga

Oppgåvene nedanfor kan løysast med alle hjelpemiddel dersom det ikkje står noko anna. Hugs at når du bruker sinussetninga til å rekne ut ein vinkel, får du to løysingar som begge må vurderast.

2.7.40

a) Figuren viser ein trekant ABC med sider a, b og c.

Trekant med hjørne stor a, stor b og stor c og sider liten a, liten b og liten c slik at sida liten a er motståande side til hjørnet stor a, og tilsvarande. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rekn ut lengda av sida a når  b=3,0 cm,  A=39°  og  B=59°.

vis fasit

Vi bruker sinussetninga.

asinA=bsinB

Løyser likninga i GeoGebra.

asin(39°)=3.0sin(59°)1NLøys:  {a=2.2}

a=2,2 cm

b) Figuren viser trekanten ABC med sider a, b og c.

Trekant med hjørne stor a, stor b og stor c og sider liten a, liten b og liten c slik at sida liten a er motståande side til hjørnet stor a, og tilsvarande. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rekn ut lengda av sida b når

a=8,5 cm ,

A=110,5° ,

B=19,8°.

vis fasit

Vi bruker sinussetninga.

bsinB=asinA

Løyser i GeoGebra.

bsin(19.8°)=8.5sin(110.5°)1NLøys:  {b=3.07}

b=3,1 cm

2.7.41

Trekant P S V der vinkel S er 48,0 grader, vinkel P er 21,5 grader og linje S V er 235 meter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi skal leggje ein straumkabel SP langs gangvegen på Sjøsanden. Figuren viser arbeidsområdet sett frå vasskanten V. Rekn ut lengda SP når du får oppgitt at det er 235 m mellom S og V.

vis fasit

Vi finn først vinkel V:  V=180°-21,5°+48°=110,5°

Så bruker vi sinussetninga.

SPsinV=SVsinP

Løyser med GeoGebra.

SPsin(110.5°)=235sin(21.5°)1NLøys:  {SP=600.59}

SP=601 m

2.7.42

Anniken tar seg ein liten båttur ein varm sommardag. Ho går ut frå Dyrstad og legg kursen mot Færøy. Så bøyer ho av mot Ryvingen, deretter drar ho rett heim. Sjå figuren.

Trekant med to oppgitte sider. Siden Færøy-Ryvingen er 635 meter og siden Dyrstad-Ryvingen er 1150 meter. Vinkel Færøy er 85,0 grader. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Finn kor lang båttur Anniken hadde denne dagen.

vis fasit

Først finn vi vinkel D (Dyrstad). Då set vi opp ei likning med utgangspunkt i sinussetninga.

FRsinD=DRsinF

Løyser i GeoGebra.

635sin(D°)=1150sin(85.0°)1NLøys:  {D=33.37}

Det tyder altså at

D=33,4°

Så må vi sjekke supplementvinkelen.

180°-33,4°=146,6°

Vinkel D kan ikkje vera 146,6 grader, for da blir vinkelsummen i trekanten over 180 grader. Vinkel D er derfor 33,4 grader.

Den siste vinkelen i trekanten blir då

180°-33,4°-85°=61,6°

Avstanden DF frå Dyrstad til Færøy finn vi óg ved å bruke sinussetninga.

DFsinR=DRsinF

Løyser i GeoGebra.

DFsin(61.6°)=1150sin(85.0°)1NLøys:  {DF=1015.46}

1 015 m+635 m+1 150 m=2 800 m

Det tyder at Anniken sin båttur var ca 2 800 m.

2.7.43

Du skal finne C i ein trekant der  AB=8,0 cm, BC=6,0 cm  og  A=30,0°.

Trekantfigur som viser at det er to moglege trekantar som oppfyller krava til figuren. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

a) Bruk figuren ovanfor og forklar at det er to trekantar som oppfyller kriteria i oppgåveteksten.

vis fasit

Tenk deg at du set passaren i punkt B og slår ein sirkel med radius 6,0 cm. Du vil då skjere venstre vinkelbein til vinkel A på to stader, nemleg i C1  og C2.

Du får då to løsningstrekantar ABC1  og ABC2.

b) Finn C1 og C2 i dei to moglege trekantane.

vis fasit

Vi bruker sinussetninga.

ABsinC=BCsinA

Løyser i GeoGebra.

8.0sin(C°)=6.0sin(30.0°)1NLøys:  C=41.81180-HøgreSide($1)2138.19

Her har vi brukt kommandoen "HøgreSide" for å referere til høgre side av likskapsteiknet i svaret i linje 2 i staden for å skrive inn talsvaret 41,81 manuelt.

C1=41,8°  og  C2=138,2°

Vi ser av figuren at vi her kan bruke begge løysingane.

Gitt ein trekant ABC der  AB=8,0 cm  og  A=30,0°.

c) Finn lengda av BC når BC står vinkelrett på venstre vinkelbein til A.

vis fasit

Vinkel C er då 90°, og vi kan bruke definisjonen av sinus som gjeld for rettvinkla trekantar. Vi får

sinA=BCAB

og vi løyser med GeoGebra.

sin30°=BC8.01NLøs:  {BC=4}

BC=4,0 cm

Rettvinkla trekant der hjørnet C er den rette vinkelen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

(Vi kunne óg brukt direkte at den minste kateten er halvparten av hypotenusen i ein 30-, 60-, 90- graders trekant.)

Lengda av BC vil avgjere kor mange moglege trekantar vi kan få.

d) Finn kva lengda av BC må vera dersom det ikkje skal vera mogleg å danne ein trekant.

vis fasit

Dersom lengda BC er kortare enn 4,0 cm, vil vi ikkje ha nokon løysingar sidan BC då ikkje rekk opp til venstre vinkelbein til vinkel A.

e) Finn kva lengda av BC må vera dersom det skal vera mogleg å danne to trekantar.

vis fasit

Dersom vi skal ha to løysingar, må lengda BC vera større enn 4,0 cm og mindre enn lengda av AB, dvs. 8,0 cm. Sjå figuren i oppgåve c).

f) Finn kva lengda av BC må vera dersom det berre skal vera mogleg å danne éin trekant.

vis fasit

Vi får éi løysing når lengda BC er lik eller større enn 8,0 cm og når lengda BC akkurat er 4,0 cm.

2.7.44 (utan hjelpemiddel)

Trekant der to vinklar er 30 grader og 45 grader og éi side er 5. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bestem sida BC i trekanten på figuren når du får oppgitt at  sin30°=12  og  sin45°=22.

vis fasit

Vi bruker sinussetninga og får:

BCsin30° = ABsin45°BC12=522BC=5·1222=52=522

2.7.45 (utan hjelpemiddel)

I trekanten ABC er  AC=2, BC=3  og  sinA=34.

Trekant der to sider er 2 og 3 og sinus til ein av dei to vinklane som ikkje er mellomliggjande vinkel til dei to sidene er tre firedelar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

a) Bestem sinB.

vis fasit

Vi bruker sinussetninga og får:

sinBb = sinAa=343sinB=34·23=12

I en rettvinkla trekant der dei spisse vinklane er 30° og 60°, er hypotenusen dobbelt så lang som den minste kateten.

b) Bruk dette til å finne vinkel B i trekanten i a).

vis fasit

I denne trekanten vil den motståande kateten til vinkelen på 30° vera den minste kateten. Sidan sinus til ein av dei spisse vinklane i ein rettvinkla trekant er motståande katet delt på hypotenus, får vi at  sin30°=12.

Då må óg vinkel B i oppgåve a) vera 30 grader sidan han har same sinusverdi.

CC BY-NC-SASkrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 08.10.2019

Læringsressursar

Trigonometri