Hopp til innhald

Fagstoff

Anna brennevin – genever og vodka

Genever kjem frå Nederland og er eit naturleg brennevin av malta korn. Framgangsmåten minner om produksjon av whisky. Russland er storprodusent av vodka.

Genever

Genever er eit naturleg brennevin av malta korn. Etter to rundar med destillering i to litt ulike typar alambic får vi eit produkt som blir kalla maltvin. Dette blir destillert saman med einerbær og andre urter til ein styrke på cirka 50 volumprosent.

Det finst to typar genever:

  • oude (gammal), som er fyldig og lagra to til tre år på eikefat

  • jonge (ung), som er blanda ut med nøytralt brennevin

Den viktigaste genever-byen er Schiedam i Nederland, som frå gammalt av var importhamn for korn. Mange norske sjøfolk vart kjende med drikken på kneipene der. Han vart lenge sett på som ein "medisin" som hjelpte mot det meste.

Genever vart før seld på leirflasker og fanst i mange norske heimar. Fekk ein ei kraftig forkjøling, tok ein ein slurk før ein la seg. Ei tom geneverflaske kunne dessutan nyttast som varmeflaske ved sengeenden. På den måten vart ein varm både i hovudet og på tærne.

Vodka

Russland og Polen diskuterer kven som var først ute med å framstille vodka, men Russland er i alle fall storprodusent og -forbrukar av denne typen brennevin. Vi veit at det har vorte framstilt vodka sidan 1500-talet, først som eit naturleg kornbrennevin (medisin) ved klostera. Sidan kom kommersielle interesser inn, og no går produksjonen føre seg på kolonneapparat, og væska blir reinsa ekstra gjennom aktivt kol. Dette fjernar mykje aroma og smak.

Vanleg vodka er altså eit veldig nøytralt brennevin, men etter kvart har vi fått ei rekkje variantar som er smaksette med ulike typar urter og frukt, altså aromatiserte. Det blir produsert vodka over heile verda, med mange ulike råvarer som utgangspunkt.

Norsk vodka har ei såkalla beskytta geografisk nemning. Ei slik nemning gir eit juridisk vern mot etterlikningar og kopiering av produktnemninga, og ho er ein garanti for at produktet er det som det gir seg ut for å vere.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2021

Læringsressursar

Brennevin