Hopp til innhald

Fagstoff

Destillering

Brennevin blir delt inn i dei to same hovudgruppene som sterkvin: naturleg og aromatisert. Namnet kjem frå "brend vin", altså vin som er varma opp og destillert.
Flasker med ulike sortar vodka og gin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Destillering

Koparkjelar i eit whisky-destilleri. Foto.

Destillering vil seie å varme opp ei væske, slik at ho går over til damp, og så avkjøle dampen, slik at han går tilbake til væske. Vi vil då få ei væske som er reinare enn den vi hadde i utgangspunktet. Det er usikkert når den første destilleringa blei utført, men det skjedde truleg fleire hundre år før vår tidsrekning.

I gammal tid såg ein på brennevin som eit legemiddel, noko namna vitnar om. Både eau de vie, akevitt, whisky og vodka betyr eigentleg "livets vatn".

Alambic / pot still

Når det gjeld destillering av alkohol, er det ei vanleg oppfatning at arabarane var først ute. Ordet al cohol har arabisk opphav, og det har òg namnet på den enklaste typen destillasjonsapparat, alambic (på engelsk: pot still). Apparatet består av ein metallbehaldar med ein såkalla svanehals og ein kjølespiral (sjå illustrasjonen nedanfor). For kvar gong den alkoholhaldige væska blir destillert, vil ho auke i styrke. Grunnen er at alkohol har lågare kokepunkt enn vatn, og for kvar destillering vil alkoholmengda auke i forhold til vassmengda.

Det kan lagast sprit av alle typar alkoholhaldige væsker. Som nemnt er alambic eit enkelt apparat, og sluttproduktet vil bere preg av råstoffet. Denne typen apparat blir nytta ved framstilling av naturleg brennevin.

Eit enkelt destillasjonsapparat. Væske i ein behaldar blir varma opp, dampen går inn i eit røyr og vidare til ein kjølespiral. I botnen av denne renn væska ned i ein annan behaldar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kolonneapparat

Ein alambic blir berre nytta til framstilling av forholdsvis låge spritstyrkar, 50–70 volumprosent. Skal ein lage rein, nøytral sprit på opptil 96 volumprosent, blir det nytta ein annan type apparat: kolonneapparat eller kontinuerleg apparat. Dette består av fleire høge kolonnar (opptil 10–12 meter) der væska sirkulerer heile tida (kontinuerleg). Inne i kolonnane blir spriten rektifisert (reinsa) for mellom anna fusel og andre uønskte smaksstoff. Sluttproduktet er altså rein nøytral sprit. Denne spriten blir så vidarebehandla til aromatisert brennevin. Dette apparatet blei funne opp av iren Aaenas Coffey i cirka 1830.

Eit apparat som består av fleire høge kolonner der væska kan sirkulere i røyr. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 14.06.2021

Læringsressursar

Brennevin