Hopp til innhald

Fagstoff

Naturleg brennevin – whisky

Dei mest kjende naturlege brennevinstypane er konjakk (brandy og armagnac) frå vin, whisky (whiskey på amerikansk og irsk) frå øl/wash, rom frå melasse (restar frå sukkerproduksjon), tequila frå kaktussaft, calvados frå eplevin og kirsch frå kirsebær.

Skotsk whisky

Utgangspunktet for whisky er korn som blir malta og gjæra på same måte som øl, men utan at det blir tilsett humle. Skotsk whisky blir delt inn i følgjande hovudtypar:

Skotsk maltwhisky

Skotsk maltwhisky blir laga av bygg og har ofte ein karakteristisk røyksmak. Denne smaken oppstår når det fuktige maltet blir tørka med varme frå kol og torv (tørka jord). Røyken som då blir danna, gir smak til whiskyen. "Ølet", som held frå åtte til ti volumprosent alkohol, blir destillert to gonger i ein pot still (alambic) til ein styrke på cirka 70 prosent. Deretter blir det lagra i minst tre år på eikefat. Ein kan òg få whisky som er sju år, ti år, tolv år og eldre. Det finst cirka 100 maltwhiskyprodusentar, og nokre er forholdsvis små. Viss produsenten sel whiskyen utan å blande med whisky frå andre destilleri, kallar vi whiskyen for single malt. Dette er den typen whiskyekspertar føretrekkjer.

Grain whisky

Grain whisky blir vanlegvis laga av ei blanding av ulike korntypar, hovudsakleg bygg, kveite og mais. Han blir destillert i eit kolonneapparat, noko som gir ein ganske nøytral sprit på 95 volumprosent. Deretter blir han òg lagra i tre år. Produksjonen skjer ved rundt ti store spritfabrikkar.

Blended whisky

Blended whisky er ei blanding mellom desse to typane. Det finst fleire tusen ulike typar blended whisky. Dei varierer sterkt i farge, fylde og røyksmak. Det avheng av jordsmonn, vasstype, distrikt og blandingsforhold.

Irsk whiskey

Irsk whiskey blir destillert tre gonger i ein pot still. Han har ikkje røyksmak og blir lagra i minst fem år før han blir seld. Det blir nytta rug, havre og kveite i tillegg til bygg. Det er denne typen whiskey som skal nyttast til Irish coffee.

Kanadisk whisky

Kanadisk whisky blir òg laga av fleire ulike kornsortar. Han blir produsert i kolonneapparat og må lagrast i minst to år. Han er mild og elegant på smak.

Amerikansk whiskey

Amerikansk whiskey finst det to hovudtypar av: bourbon og rye. Noko blir produsert i pot still, men vanlegvis nyttar ein kolonneapparat. Det kan vere antyding til røyksmak på amerikansk whiskey, men det kjem av at dei brenn fata innvendig.


Bourbon kjem opphavleg frå distriktet med same namn i delstaten Kentucky, men blir no nytta generelt om whiskey som inneheld minst 51 prosent mais. Viss han blir kalla Kentucky bourbon, må han vere destillert og lagra der. Straight bourbon vil seie at han kjem frå eitt destilleri, blended vil seie at han kjem frå fleire.

Rye har noko kraftigare smak og er laga av minst 51 prosent rug.
CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 11.06.2021

Læringsressursar

Brennevin