Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Bore- og gjengeøving (UNP 60)

Dette er ei rein øvingsoppgåve der du skal lese teikningar, måle og merke arbeidsstykket og nytte ulike arbeidsmetodar for sponfråskiljande tilarbeiding. Du kan velje om du vil bruke manuelle eller CNC-styrte maskiner.
For å gjennomføre dette arbeidsoppdraget må du lese tekniske teikningar. Til enkelte av teikningane er det ikkje mogleg å lage eit heilt dekkande tekstalternativ.
Eit stykke kanalstål, det vil seie u-forma stål, med mange hol med ulike dimensjonar og former. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Innhaldsliste

Dette læringsoppdraget består av totalt elleve trinn. Du kan trykke på kvart enkelt trinn for å komme direkte til dei ulike trinna.

Kva skal du lære?

Trinn 1: Arbeidsplan og risikoanalyse

Trinn 2: Kappe arbeidsstykke med overmål

Trinn 3: Tilarbeide kuttflate og toleransar

Trinn 4: Form og fasong på arbeidsstykket

Trinn 5: Bore tre 14 mm-hol

Trinn 6: Bore fire 8 mm-hol

Trinn 7: Bore fire hol og gjenge med dimensjon M6

Trinn 8: Boring og fasing

Trinn 9: Bore åtte stk. 8 mm-hol

Trinn 10: Pussing og overflatebehandling

Trinn 11: Rapport og logg

Arbeidsteikning og 3D-teikning

Kva skal du lære?

På mange skular blir dette læringsoppdraget kalla for "Idiotklossen" fordi arbeidsstykket ikkje skal bli til ein del som kan brukast til noko praktisk.

Fordelen med oppdraget er at du får øvd på mange vanlege arbeidsmetodar innan industrien i ei og same oppgåve, til dømes teikningslesing, måling og oppmerking, saging, filing, bruk av kjørnar, boring, gjenging, fasing og fresing. Du må også vere veldig nøyaktig når du jobbar med dette oppdraget.

Oversiktsteikning

Du skal no lage denne delen ut frå ein metallbit av typen UNP 60:

Teknisk teikning av ein U-forma del i metall med mange hol og spor i. Nedst til høgre på teikninga står det informasjon om kva teikninga gjeld, kven som har laga ho og når ho har blitt laga. Det står også at ikkje-toleransesette mål for delen er i samsvar med Norsk Standard ISO 2768-1 M.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trinn 1: Arbeidsplan og risikoanalyse

Lag ein god arbeidsplan som beskriv korleis du har tenkt å gjennomføre heile arbeidsoppdraget. Arbeidsplanen din er altså ei form for oppskrift.

Gjennomfør også ein risikoanalyse for oppdraget. Ta for deg alle maskiner og verktøy du skal nytte, tenk over kva farar du kan bli utsett for, og kva verneutstyr du må nytte for å redusere risikoen for uønskte hendingar.

Du må også ha gjennomført dokumentert sikkerheitsopplæring på alt av maskiner og verktøy du skal nytte.

Relatert innhald

Trinn 2: Kappe arbeidsstykke med overmål

Finn eit eigna arbeidsstykke i materialreolen. Når du skal måle opp for å sage, legg du til nokre millimeter på lengda. Vi seier då at du merker og sagar med eit overmål. Overmålet, altså dei ekstra millimeterane, er viktige fordi saga kan skjere litt ujamt og gi ei grov overflate. Då treng du nokre millimeter ekstra på arbeidsstykket slik at du kan rette opp og finpusse overflata slik at du får endene heilt rette og i rett lengd.

Kor mykje overmål du treng, kjem an på verktøyet du skal bruke. Nokre verktøy skjer meir nøyaktig enn andre. Du kan sjølv velje kva verktøy du vil sage med, men det vanlegaste er , og .

Trinn 3: Tilarbeide kuttflate og toleransar

Du skal no tilpasse lengda på arbeidsstykket til målet som er oppgitt på arbeidsteikninga. Målet på teikninga kallar vi basismål.

På teikninga er det oppgitt ein standard for toleransar, nemleg ISO 2768-1 M. Toleransar er tillatne avvik. Målet treng ikkje å vere heilt nøyaktig, og avvika kan vere i både negativ og positiv retning. Standarden viser kor unøyaktig du kan vere i forhold til basismålet.

I tabellen nedanfor får du eit utdrag frå ISO 2768-1 M. Tabellen har kolonnar for fire gradar av toleranse: fin, middels, grov og svært grov toleranse. Du skal her bruke tala for middels toleranse. Du må også velje rett rad i tabellen ut frå basismålet.

Meir om standarden finn du til dømes i Verkstedhåndboka.

Toleransar for ikkje-toleransesette mål (ISO 2768-1, utdrag)

Basismål i mm

over–til og med

Fin

avvik i mm

Middels

avvik i mm

Grov

avvik i mm

Svært grov

avvik i mm

0,5–3± 0,05± 0,1udefinertudefinert
3–6± 0,05± 0,1± 0,2± 0,5
6–30± 0,1± 0,2± 0,5± 1,0
30–120± 0,15± 0,3± 0,8± 1,5
120–315± 0,2±0,5± 1,2± 2,0
315–1000± 0,3± 0,8± 2,0± 3,0

Når du har saga biten, må du justere han til rett lengde. Dette kan du gjere ved å bruke ei fil eller ein fres. Pass på at alle hjørna blir 90 gradar slik at klossen blir heilt

Kontrollspørsmål

Bruk tabellen over og svar på spørsmåla.

Trinn 4: Form og fasong på arbeidsstykket

No skal du lage fasongen og dei ulike spora på klossen. Då er det viktig at du måler opp nøyaktig og set gode merke i arbeidsstykket. Du må også her bruke toleransar i samsvar med ISO 2768-1 M. Verktøy vel du sjølv. Du kan bruke baufil, fres eller fil.

I arbeidsteikninga nedanfor er det brukt både heiltrekte og stipla linjer. Kva signaliserer forma på linjene?

Teknisk teikning av ein metallbit med eit trekanta spor. Metallbiten blir vist både i sin heilskap, sett ovanfrå og sett frå sida. Teikninga er målsett.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trinn 5: Bore tre 14 mm-hol

No skal du lage dei første tre hola i klossen. Bruk til dømes eit eller ein høgderissar for å merke opp hola.

På arbeidsteikninga finn du informasjon om diameteren på hola, avstanden mellom dei og avstanden frå hola og ut til kanten.

Teknisk teikning av ein u-forma metalldel med tre runde hol på oppsida, plassert midt på flata og i lik avstand frå kvarandre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slik får du eit godt resultat

  • Merk senter for holet med ein . Då blir det enklare å treffe rett med boret.

  • Hola skal vere på 14 mm. Då er det lurt å bore med eit lite bor først. Eit bor på 14 mm har ein ganske brei . Tverreggen er ikkje skjerande, og du må derfor presse han igjennom stålet. Det gir stor varmeutvikling, noko som er uheldig. Viss du først borar eit lite hol som er litt større ein breidda på tverreggen, vil du få betre skjereeigenskapar for det store boret du skal bruke etterpå.

  • Bruk Verkstedhandboka for å finne rette skjeredata, og tilpass turtal og mating på boremaskina.

  • Pass på at du har ei god oppspenning og bruker parallellklossar viss du treng å montere arbeidsstykket litt høgare i maskinstikka.

Trinn 6: Bore fire 8 mm-hol

Du skal no bore fire nye hol. Desse hola skal ha ein diameter på 8 mm.

Mål på same måten som i trinn 5, bruk kjørnar for å merke senter og bor hola. Når du bruker 8 mm-bor, treng du vanlegvis ikkje å førebore med eit mindre bor.

Teknisk teikning av ein u-forma metalldel. Midt på delen er det plassert tre store hol langs ein tenkt langsgåande akse. Det første og tredje store holet har eit mindre hol plassert på kvar side. Avstanden frå kanten til midtpunktet på dei små hola er 22 mm, avstanden frå midtpunktet på det store holet til midtpunktet på dei små hola er 14 mm.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trinn 7: Bore fire hol og gjenge med dimensjon M6

No skal du lage fire hol med gjenge. Sjølve oppmålinga går føre seg på same måten som på tidlegare trinn, og du må også her bruke kjørnar for å merke senterpunktet.

Teknisk teikning av ein metalldel med 11 hol. Sju av hòla – tre store og fire mindre – er allereie laga. Dei tre store hola er plasserte midt på delen. Dei fire nye hola er små, og dei skal plasserast jamt fordelte rundt det midtarste store holet, i nitti gradars avstand til kvarandre. To av dei nye hola er plasserte på same tenkte akse som dei tre store hola. Avstanden frå senterpunktet til det store holet og ut til dei nye hola er oppgitt som 14 millimeter.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk Verkstedhandboka

Gjenga du skal lage, har dimensjonen M6. Du må då bore eit hol som du kan gjenge opp med ein M6-gjengtapp. Storleiken på holet er oppgitt i kapittel 6 i Verkstedhandboka. Der finn du følgande informasjon:

Tabell for gjenge: stordiameter, veslediameter og gjengebor

Gjengenemning

Stordiameter

i mm

Veslediameter

i mm

Gjengebor

i mm

M22,01,481,6
M2,52,51,912,1
M33,02,352,5
M3,53,52,722,9
M44,03,093,3
M4,54,53,523,8
M55,03,964,2
M66,04,705,0

Vel M6 og sjekk i tabellen kor stort gjengebor (i mm) du skal nytte. Ved innvendige gjenge er gjengebora alltid mindre enn nemninga på gjenget. Holet må altså vere på mindre enn 6 mm.

Gjengingsprosessen

  • Når du har bora opp alle fire hola med rett dimensjon, skal du gjenge dei opp med ein montert i eit .

  • Hugs at gjengetappen må gå loddrett ned i arbeidsstykket. Det kan derfor vere smart å støtte opp gjengetappen med ein i boremaskina.

  • Når du roterer gjengetappen, må du for kvar omdreiing rotere ei halv omdreiing baklengs for å bryte av sponane som oppstår når gjenga blir skorne.

Trinn 8: Boring og fasing

Du skal no bore fire nye hol på toppen av arbeidsstykket. På desse hola skal du lage ein fin fas, altså ei skrå overflate. Dette blir gjort med eit spesielt verktøy som lagar ein 45 gradars vinkel i kanten av holet. På verkstaden blir dette verktøyet ofte kalla ein .

Det er viktig å sjå på måla som oppgir kor djupt du skal lage denne fasen. Det er breidda på fasen i overkant som avgjer kor djupt fasen skal gå.

Teknisk teikning av ein U-forma metalldel med mange hol. Det er lagt til fire nye hol som skal plasserast med jamne avstandar seg imellom rundt eit stort hol midt på delen. Avstanden frå senterpunktet i det store holet og ut til senterpunktet i kvart av dei fire nye hola er 20 millimeter. Teikninga inneheld også eit tverrsnitt av delen som viser at holdiameteren er 5 millimeter i botnen og 10 mm i toppen, og at vinkelen på fasen er 45 gradar på kvar side.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trinn 9: Bore åtte 8 mm-hol

Du skal no lage dei siste åtte hola, fire på kvar side av klossen. Bruk kjørnar, merk opp og bor hola i rett dimensjon.

Du skal prøve å plassere hola midt på sida. På teikninga er ikkje høgdemålet oppgitt, og du må derfor måle deg fram ved å bruke verktøy og litt matematikk. Kva måleverktøy vil du bruke, og korleis kan du rekne ut midten på arbeidsstykket?

Pass også på at du spenner opp arbeidsstykket på ein sikker måte.

Teknisk teikning av ein U-forma kloss med mange hol. Dei nye hola som skal lagast, er teikna inn med stipla linjer og plasserte på sidene av klossen.  Dei skal plasserast midt på sida. Alle har ein diameter på åtte millimeter, og senterpunkta er plasserte 22, 36, 50 og 64 millimeter frå enden på sida.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trinn 10: Pussing og overflatebehandling

Du er no ferdig med å maskinere arbeidsstykket. Neste arbeidstrinn er å slipe eller pusse alle skarpe kantane slik at delen blir god å halde med hendene.

Du kan no også velje overflatebehandling, altså korleis du vil at overflata på klossen skal bli. Skal ho til dømes pussast heilt blank, eller skal ho lakkerast, målast eller pulverlakkerast? Viss du skal lakkere eller måle, må du tenke på at lakken også kan feste seg i gjenge og hol. Derfor kan det vere smart å maskere dei før lakkering. Alternativt kan du friske opp gjenge med ein gjengetapp etter lakkering.

Trinn 11: Rapport og logg

Når du er ferdig med arbeidsoppdraget, må du gjennomføre ein sluttkontroll. Då skal du skrive ein rapport eller ein logg der du gjer greie for kva du har gjort. Samtidig dobbeltsjekkar du alle måla og sluttresultatet ditt. Dette blir også kalla kvalitetssikring.

Viss du oppdagar eit avvik, må du tenke over kva som gjorde at du fekk avviket. Dersom du klarer å finne ut kva du gjorde feil, kan du òg lære korleis du unngår å gjere same feilen igjen.

Arbeidsteikning og 3D-teikning

Viss du gjerne vil skrive ut arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget, finn du ho som ei PDF-fil nedanfor. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjonen.

I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen som kan opnast i eit CAD-program som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.

Lykke til med oppdraget!

Filer


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 02.01.2024

Læringsressursar

Filing og saging