Hopp til innhald

Fagstoff

Saging

Saging er nødvendig for dei fleste arbeidsoppgåver, til dømes for å kappe materiale i korrekte lengder med minst mogleg svinn. Saging blir gjort i maskiner og for hand.
Handsag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er saging?

Teknisk sett er saging ein sponfråskiljande tilarbeidingsmetode der vi bruker eit verktøy for å utføre rettlinja eller roterande skjererørsler. Saging kan utførast med både handsager og maskinelle sager, og det finst mange ulike typar sager innanfor begge kategoriane. Nedanfor kan du lese meir om baufil og bandsag.

Baufil

Baufil. Foto.

Ei baufil er eit døme på ei handsag. Baufila blir brukt til å sage ei rekke materiale, men oftast metall.

Når du skal bruke ei baufil, skal tennene som regel peike framover, men nokre arbeidsoperasjonar kan krevje at tennene peiker bakover. Du må òg legge trykk på bogen når du fører bladet i skjereretninga. Hugs at minst tre tenner må vere i inngrep samtidig, elles blir belastninga per tann så stor at tennene på bladet knekk.

Bandsag

På ei bandsag er sagbladet utforma som eit band, som roterer medan arbeidsstykket står stilt. Bandsager kallar vi òg gjerne kaldsager eller kappsager.

Bandsaga består i hovudsak av ein motor, sjølve sagbladet og ei festeinnretning for arbeidsemnet. I tillegg har bandsaga kjøling i form av kjølevæske og eit stativ for lengre arbeidsstykke.

Sjå videoen nedanfor for å få meir informasjon om korleis du bruker ei bandsag.

Risikomoment

Bandsaga er ei stor og kraftig maskin som kan vere farleg å bruke. Det er derfor viktig at du kjenner til dei ulike risikomomenta.

Risikomomenta kan delast inn i tre kategoriar: mekaniske, kjemiske og termiske risikomoment. Dei mekaniske risikomomenta består av det roterande sagbladet og arbeidsstykket som kan falle ned. Kjølevæska utgjer eit kjemisk risikomoment, sidan ho inneheld kjemikal som er skadelege å få på huda, i auga og i munnen. Varmen som blir utvikla når du sagar i arbeidsstykket, er eit termisk risikomoment. Både verktøyet, arbeidsstykket og sponen kan bli veldig varme, så ver forsiktig så du ikkje brenn deg.

Viss du skal sage i store arbeidsstykke, kan du også måtte løfte tungt og utsetjast for uheldige arbeidsstillingar.

Hugs at du må gjennom dokumentert sikkerheitsopplæring (DSO) før du får lov til å bruke maskiner som bandsaga. Sjå eigne artiklar om dokumentert sikkerheitsopplæring.

CC BY-SASkrive av Industriskolen og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2023

Læringsressursar

Filing og saging