Hopp til innhald
Fagartikkel

Boring

Boring er kanskje den vanlegaste av alle omarbeidingsmetodane. Metoden liknar mykje på dreiing og fresing, men både det å skilje sponen ut frå hòlet og det å transportere han bort er vanskelegare. Derfor må vi vere ekstra nøye med at boreverktøyet både har riktige vinklar og riktig form.
Boring og innvendig gjenging. Video: Haldor Hove, AVIA Produksjon / CC BY-SA 4.0

Boring omfattar alle metodar som blir utførte ved sponfråskjerande verktøy, og som lagar runde hòl i eit arbeidsstykke. Andre metodar kan vere brotsjing, nedboring og gjenging.

For å få full forståing for val av skjeredata relaterte til materiale er det viktig at du har tilgang til skjeretabellar, materiale og maskinar.

Definisjonar ved boring

Spindelhastigheita (n) er hastigheita på den spindelen der boret sit, og blir uttrykt i omdreiingar per minutt.

Skjerehastigheita (vc) blir oppgitt i meter per min (m/min). Denne blir henta frå tabellar, men kan òg enkelt reknast ut når ein kjenner talet på omdreiingar per minutt som boret har.

Matingshastigheita (vf − i mm/min) er matinga verktøyet har mot arbeidsstykket, alternativt matinga arbeidsstykket har mot verktøyet uttrykt i lengd per tidseining.

Mating per omdreiing (f − i mm/omdr) uttrykkjer forflyttinga av verktøyet i løpet av ei omdreiing og blir nytta ved utrekning av mating av verktøyet.

Spissvinkel og spiralvinkel på bor

Dei fleste bora har to sponkanalar og to skjerande eggar. Boresponen blir evakuert via sponkanalane. Sponbrytinga blir påverka av materiale, verktøygeometri, skjerehastigheit, mating og val av skjerevæske.

Som hovudregel gjeld at aukande mating og/eller minska skjerehastigheit gir kort borespon. Sponlengda er akseptabel dersom sponen kan transporterast ut gjennom sponkanalane på boret utan problem.

Spiralvinkel og spissvinkel på bor

Arbeidsstykkets materialer

Spiralvinkel

Spissvinkel

Ulegert og lavlegert stål, messing og plast

20 - 30°

118°

Rustfritt stål

20 - 30°

130°

Grått støpejern, stålstøpegods og adusert jern

18 - 25°

118°

Aluminium, myk plast og kobber

30 - 40°

140°

Hard plast og pleksiglass

12°

80 - 140°

Sponvinkelen

Sponvinkelen er størst ute ved skjereeggen og minskar frå periferien mot sentrum av boret. På grunn av at skjerehastigheita minskar frå periferien mot sentrum av boret, der ho er null, vil den skjerande eggen arbeide ineffektivt ved borespissen.

Det som skjer, er at borespissen blir pressa og skavar bort materiale. I staden for å skjere dette bort, skjer det ein plastisk deformasjon, då sponvinkelen er negativ og skjerehastigheita går mot null.
Sjå figur.

Denne presserande effekten gir opphav til ein relativt høg aksiell kraftkomponent, som ikkje kan utnyttast, men som kan føre til at arbeidsstykket fjører eller bøyer seg. Dette problemet kan ein unngå ved å slipe boret på ein spesiell måte, slik at lengda på tverrskjeret blir redusert.

Skjerehastigheiter

I tabellen finn du ei oversikt over anbefalte skjerehastigheiter i meter per minutt. Dei oppgitte data gjeld for HHS-bor.

Skjerehastigheiter

Materiale

Mating mm/o - 0,15

Mating mm/o - 0,30

St-42

40

30

St-52

35

25

St-60

35

25

Seigherdingsstål

25

15

Rustfritt stål

15

10

Grått støpestål

30

20

Støpestål

30

20

Messing

70

50

Aluminium

120

80

Nylon

100

75

Bakelitt

100

75

PVC

100

75

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Industriskolen og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2018