Hopp til innhald

Verktøy og mal

Vedlikehaldsplan

Dei fleste bedrifter bruker ein vedlikehaldsplan for å halde oversikt og vite når den enkelte maskinen i maskinparken skal gjennom ein vedlikehaldsprosedyre.
Mann som studerer innhaldet på ein dataskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vedlikehaldsprosedyrar

Vedlikehaldsprosedyrar er dagleg, per veke, månadlege og årlege.

Dagleg

Med dagleg førebyggjande vedlikehald meiner vi det å førebyggje feil og manglar før dei oppstår. Det du som operatør må hugse på, er:

  • reinhald
  • orden

Dette er viktig og må oppretthaldast heile tida.

Per veke

Vedlikehald per veke på ein maskin kan vere å smørje glidedelar. Det er då som oftast montert på ein smørjenippel på dei aktuelle stadene. Det kan òg vere å fylle olje i for eksempel ein sentralsmørjar eller å skifte olje i tannhjulsoverføringar.

Sjå over maskinen etter synlege feil og manglar.

Månadleg

Månadleg vedlikehald kan vere å gå over maskinen grundigare.

Sjå etter rust, kjenne etter lause delar, unaturlege vibrasjonar, unaturlege lydar og teste om justeringar kan vere nødvendige. Bruk auge og øyre godt. Ein liten lyd med ein vibrasjon kan bety eit øydelagt eller tørt lager. Vibrasjonar kan òg bety ein sliten aksling.

Det er ofte små justeringar som kan spare deg for ein større reparasjon og skadar i framtida.

Årleg

Årleg vedlikehald kan bety ein større operasjon, for eksempel å demontere heile maskinen. Då kan vi byte ut slitedelar som lager, boltar/mutrar, akslingar og andre ting som kan verke inn på drifta og/eller kor nøyaktig maskinen er.

Smørjing, skifte av hydraulikkolje og girolje kan òg vere ein del av dette.

Som oftast er ein større vedlikehaldsoperasjon som dette bestemt frå produsenten av maskinen.

Vedlikehaldsblad

Sjå nøye over vedlikehaldsblada som høyrer til dei enkelte maskinane. Her står mykje nyttig informasjon verdt å merke seg om vedlikehald og smørjing. Vedlikehaldsblad sit på dei enkelte maskinane. Desse skal vere til hjelp for både operatørar, reparatørar og anna vedlikehaldspersonell.

Første-, andre- og tredjelinjes vedlikehald

I vedlikehaldsteknikken skil vi ofte mellom første-, andre- og tredjelinjes vedlikehald.

Med førstelinjes vedlikehald meiner vi vedlikehald ”on-site” der systemet eller komponenten er. I førstelinjes vedlikehald er vanlegvis inspeksjon og funksjonsprøve og inn- og utmontering av komponentar og enkle reparasjonar med.

Andrelinjes vedlikehald skjer inne på verkstaden. Litt meir kompliserte reparasjonar og overhaling av enkle komponentar vil kunne vere typisk andrelinjes vedlikehald.

Full overhaling og større reparasjonar av større komponentar vil kunne vere tredjelinjes vedlikehald. Tredjelinjes vedlikehald vil kunne bety arbeidsoperasjonar som er like kompliserte som ved nyframstilling av komponenten. Tredjelinjes vedlikehald blir ofte gjort ved den fabrikken som har produsert komponenten, eller verkstader som har spesialisert seg på oppgåva. Eit eksempel på eit tredjelinjes vedlikehaldssenter i Stavanger-regionen er Pratt & Whitney flymotorverkstad på Sola.

Eit praktisk eksempel:

Maskinen går ikkje.

  • Sjekk straumtilførsel.
  • Sjekk stoppbrytarar, naudstopp.
  • Sjekk tryggleiksfølarar.

Er dette i orden, kan du gå vidare med å:

  • Sjekke startbrytar. Klikkar det (går det straum) i releet?

Er dette i orden, kan du gå vidare med å sjekke:

  • straum til hydraulikkpumpe
  • straum til motor

Er det for eksempel straum inn på motoren, men han går likevel ikkje? Sjekk først børstar og liknande etter feil i motoren. Du har no resonnert deg fram til sjølve feilen. Start med det første først. Ikkje kast bort tid på å sjekke alle komponentar når du enkelt kan finne feilen ved å gå fram systematisk. Det er bortkasta tid å leite etter feil i alle kontraktorar, rele, sikringar, ventilar, motorar og pumper berre for å finne at hovudstraumen ikkje er på, eller at naudstoppen står inne!

Dette kan du gjere for å finne fram til feilen:

  • Sjekk i manualen for maskinen.
  • Kva skjer – kva skjer ikkje?
  • Tenk enkelt.
  • Isoler problemet.
  • Bruk auge og øyre (sjå etter løyse leidningar, høyr etter om eit lager har skore seg).
  • Jobb deg inn a -> b -> c og ikkje omvendt.
CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 07.10.2019

Læringsressursar

Vedlikehald av maskinar og utstyr