Hopp til innhald

Fagstoff

Montering og demontering

Eit montasjeoppdrag kan spenne frå det enklaste til store komplekse monteringsoppgåver der ein fagoperatør må meistre mange teknikkar og fagemne.

Montering

Når vi skal montere og reparere maskinar og utstyr, blir det kravd at vi planlegg arbeidet før vi set i gang.

Det er viktig å planleggje monteringsrekkjefølgja. Skriv gjerne ei liste, som du kan krysse av i undervegs i arbeidet for lettare å halde orden på jobben.

Eksempler:

  1. montere ramme
  2. setje på støttestag
  3. skru på motorfeste
  4. gjere klar motor
  5. feste motor til ramme
  6. koble til motor

Finn fram teikningar og les dei nøye så du får ei god oversikt over kva du skal gjere. Finn fram verktøyet du skal bruke under heile operasjonen, og legg det frå deg ein stad der du lett kan få tak i det. Tenk heile tida eit steg fram i tid: – Det som blir sett saman, kan òg måtte takast frå kvarandre igjen! Sjå òg om delane som skal setjast saman igjen, er merkte. Merking gjer det enklare å halde orden, og det er lettare å sjå kvar delane høyrer til. Det gjer òg arbeidet enklare for deg sjølv og andre dersom delen seinare må demonterast.

Hugs å halde arbeidsplassen ryddig, og ha orden!

Demontering

Når du skal demontere ein maskin, er det viktig å halde orden på delane. Lag eit system slik at du heile tida har kontroll på kvar delane kom frå, og i kva rekkjefølgje dei blei demonterte. Her kan det å merkje delane vere til god hjelp.

Består ein del eller modul av fleire smådelar, så pass på at du held dei samla. Bruk for eksempel ei lita øskje, som du legg tilhøyrande smådelar i.

Når du monterer noko, er det viktig å tenkje levetid, eventuelle seinare skadar og vedlikehald. Set gjerne inn boltar med sølvfeitt, slik at dei ikkje rustar og er lettare å skru frå kvarandre under ei eventuell demontering.

Hugs heile tida å halde delane reine for smuss og spon. Dette er svært viktig for glidedelar, passingar og delar som blir utsette for friksjon. Ein bitte liten sponbit kan øydeleggje mykje.

Smøreprodukter. foto.

Smøring

Ein annan viktig ting er smørjing. Smørjing av glidedelar og liknande er viktig for alle maskinar. Olje og feitt bruker vi til forskjellige område, med like forskjellige verkemåtar. Her speler òg planlegging ei stor rolle. Les nøye på databladet kva produsenten meiner skal brukast. Feil bruk eller feil olje kan vere med på å øydeleggje ein maskindel.

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 08.08.2018

Læringsressursar

Vedlikehald av maskinar og utstyr