Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Dregg i stål

For å få ein funksjonell dregg er det viktig at du følgjer teikninga nøye. Arbeid med overflatebehandling fører dessutan med seg spesielle tryggingskrav.
Teikning av ein ståldregg mot lys blå bakgrunn. Under  ser ein skuggen av dreggen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte

Arbeidsteikningar av ein dregg. Det er fire detaljerte teikningar på arket som viser dreggen frå ulike sider. Tre av teikningane har mål og nummer som viser til tabell i høgre hjørne. Denne tabellen har mellom anna kolonner for pos.nummer, antal, beskrivelse og material. Illustrasjon.

  • Kapp alle delane etter mål, nokre delar må kappast med overmål fordi dei skal maskinerast.
  • Skjerebrenn dei tjukke platene (pos. 3) på mål, hugs slip av alle gradar.
  • Klipp dei tynne platene (pos. 4) i platesaks.
  • Drei, fres og bor opphenget og hylsene i riktige mål.
  • Sveis saman pos. 3 og 4.
  • Overflatebehandle (galvaniser) alle delane.
  • Monter dreggen etter teikning.

Relatert innhald

Sveising er ein metode for samanføying av delar av metall eller plast.

CC BY-SASkrive av Åkrehamn videregående skole.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Vedlikehald av maskinar og utstyr