Hopp til innhald

Fagstoff

Vedlikehaldsaktivitetar

Vedlikehald er den generelle termen som dekkjer alle typar vedlikehaldsaktivitetar.
Vedlikehald av maskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vedlikehald og førebyggjande vedlikehald er viktig, både for maskinen og operatøren. Mange havari og større reparasjonar i tillegg til skadar på utstyr og menneske kunne ha vore unngått viss ein hadde vore meir nøye med vedlikehald og rapportering.

Justering

For at utstyret, maskinen eller apparatet skal fungere slik det er meint, må det ofte ei justering til. Det kan vere nødvendig å justere ein skrue eller eit skruefeste eller rett og slett justere straumstyrken ved hjelp av eit potmeter.

Feilsøking

Noko av det første ein mekanikar må gjere når ein feil først har oppstått, er å kontakte operatøren av maskinen for å klarleggje kva som skjedde då feilen blei oppdaga, og funksjonsprøve maskinen viss dette lèt seg gjere. Finn fram brukstilvisinga for maskinen det gjeld, og start med det enklaste først! Deretter isolerer du problemet sakte, men sikkert til du til slutt sit igjen med sjølve feilen.

Inspeksjon

Med "inspeksjon" meiner vi at vi ved ulike inspeksjonsmåtar kontrollerer at gjenstanden "er i samsvar med gitt norm". Vi kan inspisere "on-site" (på plassen) der komponenten eller systemet er i drift, eller vi kan kontrollere dei på verkstaden. Det kan dreie seg om ein generell inspeksjon eller ei meir inngåande undersøking, for eksempel ein NDT-testing for oppsprekking eller materialtrøyttleik (NDT = Non Destructive Testing).

Funksjonsprøve

Med funksjonsprøve så meiner vi det at vi gjennomfører ein bestemt prøve på om komponenten faktisk fungerer slik som han skal. Ein funksjonsprøve for ein jetmotor vil kunne gå ut på å starte han opp og testkøyre han og kontrollere at alle instrumenta indikerer som normalt.

Reparasjon

Med reparasjon meiner vi ein vedlikehaldsaktivitet som korrigerer ein feil som er oppdaga på komponenten, anten ved inspeksjon eller ved funksjonsprøve. Ein gjennomført reparasjon vil berre seie at komponenten er sett tilbake som funksjonsdyktig der han skal vere, i forhold til driftstimar. Ein reparert komponent treng ikkje å vere som ny, og han kan godt leverast ut frå verkstaden med slitasje som er i samsvar med talet på loggførte driftstimar.

Overhaling

Ved ei overhaling blir den tekniske tilstanden til komponenten som hovudprinsipp ført tilbake som for ein ny komponent. Om vi monterer ein komponent som er ny, eller ein som har gjennomgått overhaling, så skal desse fungere heilt likt. Talet på driftstimar til neste vedlikehald vil vere det same for både ein ny og for ein overhalt del.

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 07.10.2019

Læringsressursar

Vedlikehald av maskinar og utstyr