Hopp til innhald

Fagstoff

Systematikkens historie

Vi menneske har alltid hatt behov for å klassifisere verda rundt oss for å få oversikt. Dei første biologiske klassifikasjonssystema var veldig enkle og baserte seg på likskapar i utsjånad. I dag kan vi bruke molekylærbiologiske metodar for å finne likskapar i artane sitt genmateriale.
Teikning av Darwin omgitt av mange dyr i ein jungel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Enkle og kunstige klassifikasjonssystem

Behovet for å forstå og systematisere livet rundt oss har alltid vore viktig. I tidlegare tider skilde ein mellom til dømes snille og farlege dyr, og giftige og ikkje-giftige plantar. Dette var kunstige klassifikasjonar som ikkje sa noko om slektskap, men som grupperte organismar som hadde eitt eller nokre få karaktertrekk felles.

I slike kunstige system fekk ein ikkje vite meir om ei gruppe enn det som var lagt inn. Til dømes fekk ein ikkje annan kunnskap om ein plante i gruppa "giftig" enn var han er giftig. Likevel er dette ei form for klassifikasjon, sjølv om formålet var noko anna då desse gruppene blei laga enn det er i dag.

År 350 før Kristus: bygningstrekka til artane

Mann med skjegg og toga held ei bok. Måleri.

Dei første systema som la meir vekt på morfologi, blei laga så tidleg som cirka 350 år f.Kr. av den greske filosofen Aristoteles og eleven hans Theofrastos. Desse to stod bak ei rekkje skrifter innanfor mellom anna anatomi, fysiologi og systematikk.

Aristoteles' Historia Plantarum og Historia Animalium var kanskje dei viktigaste skriftene. Nokre av desse var sentrale i den biologiske systematikken til langt ut på 1700-talet.

1500-talet: inndeling i slekter

Mann følgjer med på ung gut som sit og teiknar i eit rom med utstoppa dyr og verktøy. Personane er kledde i typiske 1500-tallsklede. Illustrasjon.

Dei første naturlege klassifikasjonssystema oppstod på 1500-talet. I slike system får vi faktisk ganske mykje informasjon om eit objekt dersom vi til dømes veit kva plantefamilie det høyrer til. Viss vi veit at ein plante høyrer heime i erteblomsterfamilien, veit vi òg litt om mellom anna frukta og blomsteren.

Den sveitsiske vitskapsmannen Conrad Gesner (1516–1565) var viktig i utarbeidinga av systematisk informasjon om dyr og plantar. Då Gesner klassifiserte plantane, grupperte han artane i slekter. Han gav mellom anna ut verka Opera Botanica, Historia Plantarum og Historia Animalium, som alle har vore viktige bidrag til biologien og systematikken.

1600-talet: på veg mot moderne taksonomi

Den britiske presten John Ray (1627–1705) arbeidde med klassifikasjon innanfor alle naturdisiplinar. Eit av "prosjekta" han jobba med, var å finne eit naturleg system for klassifikasjon som skulle reflektere Guds skaparverk.

Klassifiseringa hans av plantar i Historia Plantarum var eit viktig steg på vegen mot moderne taksonomi, og inndelingane hans var baserte på likskapar og forskjellar mellom organismane.

1700-talet: Linné – systematikkens far

Mann med kvit parykk med krøllar er iført ei raud jakke med store, gule knappar og skjorte med blonder. Måleri.

Carl von Linné (1707–1778) er den personen som har betydd mest innanfor dette fagfeltet. Han var lidenskapeleg oppteken av naturen og gjorde mange reiser der han registrerte og klassifiserte organismar (ca. 8000 plantar og 6000 dyr).

Linné publiserte i 1735 den første utgåva si av Systema Naturae, og der presenterte han viktige prinsipp for beskriving, systematikk og .

Linné meinte til liks med Ray at ein art var noko uforanderleg som var skapt av Gud. På slutten av 1700-talet var det fleire naturvitarar som tvilte på at artane var statiske, slik Linné hadde trudd.

1800-talet: klassifikasjon ut frå slektskap

Portrett av mann med stort, kvitt skjegg og bustete augebryn. Han har på seg kvit skjorte, burgunderraud vest og grå frakk. Måleri.

Etter at Charles Darwin (1809–1882) og teorien hans om evolusjon blei akseptert på 1800-talet, la ein stadig større vekt på klassifisering basert på slektskap framfor berre likskap. Dette har prega systematikken i ettertid.

Vår tid

Dei siste tiåra har ny kunnskap innanfor molekylærbiologi (spesielt DNA-molekylet) og datateknologi gjort at tilgangen på molekylære karaktertrekk har auka. Dette har endra systematikken.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Baglo og Hanne Hegre.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2021

Læringsressursar

Systematikk