Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Infusoriekultur

Få innblikk i ei spennande mikroverd. Sjå korleis bakteriar, flimmerdyr og andre mikroorganismar veks og utviklar seg i eit lukka miljø over tid.
Ei stor, avgrensa celle med fleire indre sirkulære strukturar. Mikroskopfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnsteori

I tillegg til bakteriar og virus finst det fleire andre organismar som er så små at vi berre kan sjå dei under mikroskopet. Dette gjeld mellom anna flimmerdyr (ciliatar), tidlegare kalla infusoriar. Flimmerdyra er eincella organismar som bruker flimmerhår på kroppsoverflata til å bevege seg eller fange opp næringsstoff i omgivnadene sine. Dei er vasslevande og kan vere anten fastsitjande eller frittlevande.

Kva er ein infusoriekultur?

Ein infusoriekultur er eit vasshaldig miljø som er rikt på næring og bakteriar, og der flimmerdyra kan leve og formeire seg. I ein infusoriekultur vil det også dukke opp mange andre spennande mikroorganismar, til dømes flagellatar, augealgar, markar og hjuldyr.

Ein infusoriekultur vil forandre seg over tid. Bakteriar vil formeire seg nærast uhemma i starten. Dyr som lever av bakteriar, får gode vekstvilkår, og snart kan du sjå andre organismar svirre rundt i preparata du lagar.

Formål

I dette forsøket vil du bli kjend med ulike mikroorganismar og observere korleis dei lever i samspel med kvarandre.

Del 1. Tillaging av infusoriekulturar

  1. Fyll éin eller fleire glasbehaldarar med vatn. Viss du bruker springvatn, tilset du næringskjelder, til dømes potet- eller eplebitar.

Tips!

Det kan vere spennande å studere utviklinga av liv i ulike miljø. Vi tilrår derfor at de lagar fleire infusoriekulturar samtidig.

Forslag til variasjon i infusoriekulturane:

  • Kultur A:
    Fyll ein glasbehaldar cirka ¾ full med springvatn. Tilsett ei halv potet (cirka 50 gram) utan skal, oppskoren i terningar.

  • Kultur B:
    Fyll ein glasbehaldar cirka halvfull med springvatn. Tilsett cirka 500 ml vatn frå ein dam eller eit tjern og ein bunt med visse gras.

To store glaskar. Til venstre lyst innhald og til høgre brunt innhald. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. La infusoriekulturane stå i lyset frå eit vindauge eller frå ei lampe som gir lys på kulturen halve døgnet. Ei slik lampe kan styrast ved bruk av eit tidsur.

  2. Vatnet vil etter kvart fordampe. Etterfyll då med springvatn.

  3. Pass på at kulturane ikkje blir rørte om eller flytta. Vanlegvis kan ein halde liv i ein infusoriekultur i eit par månader før han må startast på nytt.

  4. Ved å plassere kulturane i eit avtrekksskap kan du unngå ubehageleg lukt.

Del 2. Observer utviklinga i infusoriekulturane

La infusoriekulturane stå i éi til to veker før de startar med observasjonar. Observer deretter kulturane med jamne mellomrom, til dømes éin gong annakvar veke. Legg merke til korleis miljøet i kulturane ser ut, og korleis kulturane luktar.

Lag preparat til mikroskopering

  1. Ta prøvar frå kulturane med ein pipette eller dropeteljar. Ofte finn du mest liv i prøvar som blir tekne ved overflata.

    Obs! Ver nøyaktig og reinsleg. Pass på at du ikkje blandar pipettar og anna utstyr – og dermed overfører vatn frå den eine kulturen til den andre.

  2. Lag vasspreparat, slik at de kan studere kulturane under mikroskopet.

  3. Sett ein drope frå prøven de tok av infusoriekulturen, på objektglaset.

  4. Sett kanten av dekkglaset forsiktig mot objektglaset. Deretter legg du dekkglaset langsamt ned på objektglaset.

  5. Studer preparatet under mikroskopet. Start med den lågaste forstørringa, og auk forstørringa når du har fått eit skarpt bilete.

    Tips! Bruk og , slik at du får sjå flest mogleg detaljar.

  6. Ta bilete og videoopptak med mobiltelefonen gjennom okularet, eller teikn skisser av det du observerer. Klarer du å artsbestemme organismane du ser?

To elevar bruker mikroskop til observasjonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Loggfør observasjonar av infusoriekulturane over tid

Før ein nøyaktig logg over observasjonane. Loggen bør innehalde

  • dato

  • tal dagar sidan oppstart

  • kva organismar du observerte i dei ulike kulturane

  • kva organismar som dominerer

  • kva som har endra seg sidan førre gong du observerte

  • bilete og videosnuttar

Del 3. Resultat og vidare arbeid

Bruk loggen du har skrive undervegs, til å arbeide vidare med infusoriekulturane og til å svare på spørsmåla under.

  1. Korleis har kulturane utvikla seg?

  2. Kva forskjellar og likskapar finn du mellom dei ulike kulturane? Forklar årsakene til at kulturane har forandra seg over tid.

  3. Kvar kjem alle mikroorganismane frå, og kva faktorar kan fremme eller avgrense livet i kulturane?

  4. Forklar forskjellen på prokaryote og eukaryote mikroorganismar.

  5. Beskriv nokre av mikroorganismane du observerte, med tekst og bilete.

  6. Kan du kjenne igjen ulike organellar hos nokon av organismane du har observert?

  7. Når kulturane er nylaga, luktar dei lite, men etter kvart blir lukta kraftig. Etter nokre dagar eller veker til minkar lukta igjen. Kva er det som skaper lukt, og kvifor forandrar luktintensiteten seg?

  8. I alle økosystem, også i infusoriekulturar, er det flyt av energi. Nokre organismar et andre organismar. Lag eit enkelt næringsnett basert på observasjonane dine, og forklar samspelet mellom organismane du har observert.

Døme på kva kan du forvente å observere

Relatert innhald

I tillegg til bakteriar og virus finst det fleire andre bitte små skapningar, mellom anna sopp, algar, slimdyr, flagellatar, sporedyr og flimmerdyr.

CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen, Kristin Bøhle og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 30.06.2022

Læringsressursar

Systematikk