Planteriket
Plantar er fleircella, eukaryote organismar. Plantane er relativt komplekse i form og utsjånad. Dei aller fleste plantane er autotrofe. Dei har organellen kloroplast som gjer det mogleg å nytte lysenergi til å binde kjemisk energi gjennom fotosyntesen. Opplagsnæringa til plantar er stivelse.
Plantane har i motsetnad til dyr ein cellevegg som består av cellulose. Saman med vakuolane utgjer celleveggen reisverket til planten.
Moser
Dei første landplantane spreidde seg ved hjelp av sporar. Nokre av desse utvikla transportsystem (kar) og røter. Dei som ikkje gjorde det, kjenner vi som mosar.
Typiske eigenskapar ved mosar:
- spreier seg med sporar
- uekte røter (rottrådar)
- opptak og utskiljing av stoff gjennom bladoverflata
kjønna formeiring
Karplanter
Plantane som utvikla karsystem, blir kalla karplantar. Nokre av desse utvikla frø som spreiingsmetode.
Typiske eigenskapar ved karplantar:
- ekte røter
- transportsystem
- både kjønna og ukjønna formeiring
- spreier seg med sporar (bregnar, sneller og kråkefotplantar) eller frø (nakenfrøa og dekkfrøa plantar)
Alle plantar som formeirar seg kjønna, har generasjonsveksling, der dei vekslar mellom ein haploid og ein diploid fase. Men det er ei rekkje landplantar som formeirar seg ukjønna ved hjelp av yngleknoppar, utløparar eller frøsetjing utan befrukting.
Algar er ei svært variert gruppe eincella og fleircella vasslevande organismar. Dei blei tidlegare plasserte i det no oppløyste protistriket. No er dei plasserte i fleire ulike rike, mange av dei i planteriket.
Dei fleircella algane formeirar seg på mange måtar, men dei har generelt ingen strukturar som vernar formeiringsorgana, slik vi finn hos landplantar som treng vern mot uttørking.