Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Oppsett av Wordpress med Virtualbox og Ubuntu Server

Ubuntu Server 24.04-installasjon

I denne guiden lærer du korleis du kan installere Ubuntu Server 24.04 på ei datamaskin. Denne basisinstallasjonen kan brukast som utgangspunkt for å setje opp mange forskjellige typar serverar og tenester både på eigne fysiske maskiner eller på virtuelle maskiner.

Linux kjem i mange variantar (distribusjonar), og alle distribusjonane bruker den same sentrale Linux-kjernen. Utover dette er kvar distribusjon tilpassa behovet han skal dekke. Moglegheitene for tilpassingar er enorme, vi finn derfor Linux i einingar av alle slag – frå små smartklokker og mobiltelefonar til dei største superdatamaskinene og det meste imellom.

For Linux-distribusjonar som er tenkte brukte til serverar, blir hovudsakleg eit tekstbasert brukargrensesnitt brukt. Dette er vanskelegare for nybyrjarar enn eit grafisk brukargrensesnitt, men tekstbasert styring gir mykje betre moglegheit for detaljstyring. I denne guiden viser vi korleis Ubuntu Server 24.04 blir installert.

1. Kople til installasjonsmedium eller ISO-fil

Installasjon på fysisk datamaskin

Dersom du skal installere Ubuntu Server på ei fysisk datamaskin, treng du eit installasjonsmedium – som oftast ein USB-pinne. Start maskina med denne kopla til og start opp frå minnepennen. Dersom du får problem med dette, kan du sjekke opp manualen for datamaskina du prøver å installere på, eller spør læraren din.

Installasjon på virtuell maskin

For virtuelle maskiner treng du å skaffe ei ISO-fil med Ubuntu Server. Legg denne på vertsmaskina. Når du startar den virtuelle maskina, blir du spurt om kva ISO-fil du ønsker å bruke for installasjon. Vel den som er riktig for deg.

2. Setje språk og oppdatere installer

Når Ubuntu-installeren startar opp, vil han vise ein del linjer med tekst. Dette er heilt normalt og er testar og liknande som installeren treng å gjere før han er klar til å vise installasjonsrettleiaren.

OBS!

Installasjonsrettleiaren er tekstbasert.

For å navigere deg oppover og nedover i han bruker du "Tab"-knappen oppe til venstre på tastaturet og eventuelt piltastane.

Du vil bli spurd om kva språk du ønsker å bruke. Norsk er eit alternativ, men fordi mange av guidane og programma du kan komme til å bruke er på engelsk, tilrår vi at du vel "English". Trykk så på entertasten for å gå vidare.

Dersom installeren får tilgang til internett, vil han sjekke om det er oppdateringar til sjølve installasjonsrettleiaren. Du vil eventuelt få spørsmål om du ønsker å oppdatere til ny installer. Vel dette.

Dersom installeren ikkje klarer å kople seg til nettet, går han automatisk vidare til steg 3.

3. Justere tastaturoppsett

Du vil bli spurd om kva type tastatur du har. Vel "Norwegian" på både "Layout" og "Variant". Vel "Done" for å gå vidare.

I det neste vindauget vil du bli spurd om typen installasjon. Kryss av for "Ubuntu Server" og gjerne "Search for third-party drivers" òg. Vel "Done" for å gå vidare.

4. Setje opp nettverksinnstillingar

Installeren vil prøve å finne nettverkskort og prøve å kontakte DHCP-server for å få ei dynamisk IP-adresse. Sidan denne maskina skal vere ein server, er det tilrådd å legge inn statisk IP-adresse.

Naviger deg til nettverkskortet, vist i grått i biletet under, og trykk på entertasten.

Ein meny vil dukke opp. Vel "Edit IPv4" og trykk på enter.

I neste undermeny vel du "Manual" og trykkar på enter.

Du får no opp eit skjema der du kan konfigurere nettverksinnstillingane du ønsker at serveren skal bruke. Dersom du gjer installasjonen som del av eit skulearbeid, kan det vere at læraren din har spesifikke instruksjonar du skal følge her. Naviger deg rundt og fyll inn informasjonen som er rett for ditt nettverk.

Subnet:

Dette feltet beskriv adresseområdet som er innanfor det lokale nettverket ditt. Feltet bruker CIDR-notasjon og er bygd opp av to delar. Først skriv du inn IP-adresseområdet nettverket ditt startar på, til dømes 192.168.1.0. Deretter skriv du inn kor mange bit av IP-adressa som er felles for alle maskinene i lokalnettverket. Her finst det tabellar på nettet du kan bruke. Det vanlege for små oppsett og testoppsett vil vere /24 (som svarer til 255.255.255.0 skrive på gammalmåten).

Address:

Her skriv du inn IP-adressa du ønsker at serveren skal bruke i lokalnettverket.

Gateway:

Her skriv du inn IP-adressa til ruteren i lokalnettverket. Alle førespurnader som skal ut av nettverket, til dømes dei som skal på nettet, blir sende mot denne IP-adressa.

Name Servers:

Her skriv du inn adressa til DNS-serveren du ønsker at serveren skal bruke ved DNS-oppslag.

Search domains:

Dette feltet blir brukt for lokale oppslag. Det hoppar vi over i denne guiden.

Når du har fylt inn informasjonen, trykker du på "Save". Du blir no send tilbake, og installeren vil forsøke å bruke innstillingane du har sett. Dersom alt går greitt, vil du kunne trykke på "Done" for å gå vidare.

På neste side får du moglegheit til å skrive inn ei proxyadresse dersom dette er nødvendig for å nå internett frå testnettverket ditt. Gå vidare utan å fylle inn noko, med mindre du har fått beskjed om noko anna frå læraren din.

På neste side kan du velje kva server du ønsker å bruke for å hente oppdateringar og program. Her kan du berre gå vidare med mindre du har spesielle behov. Trykk på "Done" for å gå vidare.

5. Partisjonering av harddisk

Vi har no komme til partisjonering av harddisken til datamaskina. Dersom du gjer installasjonen som ein del av skulearbeid, kan det vere at læraren din har eigne instruksjonar for dette steget, til dømes dersom du installerer på ei labmaskin som òg køyrer Windows (dualboot). Viss ikkje kan du følge desse instruksjonane.

Installeren vil foreslå å bruke heile harddisken og nytte seg av LVM (Logical Volume Manager). LVM er eit system som gjer det mogleg å utvide, forandre, lage og slette partisjonar mens datamaskina er i vanleg drift. Dette er dermed nyttig for serveroppsett.

Vi hoppar over kryptering av LVM-gruppa og går rett vidare ved å trykke på "Done".

Installeren vil no komme med eit forslag på partisjonering av harddisken. Som standard foreslår han å bruke heile harddisken til LVM-oppsett, men at berre halvparten skal brukast til Linux-partisjon (/). Denne kan vi auke storleiken litt på. Naviger ned som vist på biletet under og trykk på enter. Vel "Edit" i menyen som kjem fram.

Juster storleiken på partisjonen, til dømes til rundt 90 prosent av den totale storleiken på harddisken. Trykk på "Save" for å lagre forandringa.

Du blir no send tilbake til samandragssida for partisjonering. Trykk på "Done" for å gå vidare.

Du vil få opp ei åtvaring om at det tidlegare innhaldet på harddisken vil bli sletta dersom du går vidare. Vel "Continue" og trykk på enter for å stadfeste at du ønsker å halde fram. Partisjoneringa kan ta litt tid.

6. Opprette administratorbrukar og gi maskina namn

I neste skjema skal du lage administrator-brukarkonto. Skriv inn namnet ditt og namnet du ønsker at maskina skal ha. Eit maskinnamn er berre i små bokstavar og bør beskrive kva serveren skal gjere.

Vel deg eit brukarnamn og set passord. I installeren kjem det fram stjerneteikn for kvart teikn i passordet du skriv inn. Dette er ikkje tilfellet seinare. Då vil det ikkje komme fram nokon teikn som viser at du er i ferd med å skrive inn passord. Det er derfor lett å tru at inntastinga ikkje blir registrert, men det blir ho.

Brukarnamn og passord

I skulearbeid er det ofte ønskeleg at brukarnamn og passord skal dokumenterast. Dette er for å redusere behovet for reinstalleringar ved avgløymde passord.

Men dette betyr at brukarnamn og passord som blir brukte i laboppsett, kan bli lesne av lærarar eller andre elevar. Desse passorda må ein derfor sjå på som usikre, og dei bør ikkje brukast nokon annan stad.

Når du går vidare, vil du bli spurd om du ønsker å aktivere Ubuntu Pro. Dette kan du berre hoppe over foreløpig. Vel "Continue" for å gå vidare.

7. Fjernstyring med SSH

SSH (Secure Shell) er den vanlegaste måten Linux-maskiner blir fjernstyrte tekstbasert over nettverk eller internett på.

Sikkerheit

SSH er kryptert, som gir litt sikkerheit. Men standardporten for SSH-kommunikasjon (22) er eit vanleg mål for angrep frå trusselaktørar over internett. Det er derfor ikkje tilrådd å gjere denne porten tilgjengeleg frå internett gjennom ruteren (med port forwarding). Andre portar kan brukast, og det er mogleg å auke sikkerheita på fleire andre måtar, mellom anna ved å krevje at SSH-klienten som skal kople seg til, må ha ein sikker krypteringsnøkkel som er laga på førehand, lokalt for å kunne kople seg til.

Dette oppsettet går ut frå at Linux-serveren berre skal fjernstyrast frå lokalnettverket, og at det er sikkert. Naviger deg til "Install OpenSSH server" og bruk mellomromtasten for å krysse av for dette valet. Naviger deg til "Done" og trykk på enter.

8. Installasjon av ekstra servertenester

Linux kan brukast til å drifte dei fleste typar tenester. Til vanleg installerer vi tenestene vi ønsker, gjennom tekstkommandoar. Men Ubuntu har òg moglegheit for å installere nokre tenester allereie i installeren. Alle desse kan installerast seinare, så med mindre du veit at du vil trenge ei av desse tenestene, bør du berre gå vidare ved å velje "Done" og trykke på enter.

9. Følge installasjonen

Installasjonen vil no starte, og stega blir viste på skjermen.

Dersom installeren har tilgang til internett, vil han som ein del av installasjonen òg laste ned nye sikkerheitsoppdateringar. La desse installere seg ferdig. Når du får opp valet "Reboot", er installasjonen heilt ferdig. Vel dette og trykk på enter.

Installeren vil no avslutte og forsøke å restarte datamaskina. Du vil mest sannsynleg bli spurd om å fjerne installasjonsmediet. Dersom du har installert på ei eiga fysisk maskin, kan du no ta ut USB-minnebrikka. Dersom du set opp virtuelt med Hyper-V eller Virtualbox, kan du berre trykke på enter for å gå vidare. Installasjonsmediet vil bli fjerna automatisk her som ein del av restarten av den virtuelle maskina.

10. Første oppstart av Ubuntu Server

Når maskina har restarta seg, kan du følge oppstarten av Ubuntu Server. Dersom du får problem med at maskina ikkje finn operativsystemet, kan det vere feilkonfigurering i BIOS/UEFI som gjer at maskina forsøker å starte frå feil lagringseining.

Følg med under oppstart og sjå om det dukkar opp feilmeldingar.

Feilmeldingar vil vere synlege som raud tekst eit kort augeblikk. Om du får ei feilmelding, er det ikkje sikkert at du må gjere noko. Til dømes kan det hende at ei teneste ikkje får starta opp rett, men det kan jo vere ei teneste du ikkje skal bruke, og då vil ikkje det skape problem for deg. Men det er lurt å følge med i tilfelle det skulle bli behov for feilsøking seinare.

Oppstarten er ferdig når ingen nye linjer dukkar opp i løpet av eitt minutt. Dersom du får opp eit påloggingsfelt heilt nedst på skjermen, kan du berre starte med å logge på med brukaren du laga i installasjonen.

Dersom det ikkje dukkar opp eit påloggingsfelt, er dette fordi feltet vart lagt inn for tidleg og vart dytta opp og ut av skjermen på grunn av andre statusmeldingar frå operativsystemet. Trykk på enter for å få eit nytt felt nedst nede.

Når du har skrive inn brukarnamnet ditt og trykt på enter, får du opp spørsmål om passord. Når du skriv inn dette, blir ikkje trykka med stjerneteikn som du er vand med frå tidlegare, viste. Dette er heilt normalt. Skriv inn passordet og trykk på enter for å logge inn. Vi til rår at du loggar inn minst éin gong på maskina lokalt før du tek i bruk SSH for fjernstyring.

CC BY-SA 4.0Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2024