Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Oppsett av virtuell maskin med VirtualBox

VirtualBox er programvare som blir brukt for å lage og køyre virtuelle maskiner. Programvara køyrer på toppen av vertsmaskina sitt eige OS. Dermed er dette ein rask og enkel måte å setje opp testsystem på.
Skjermbilete frå Virtualbox som viser hovudpanelet til programmet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

VirtualBox er ein type 2-hypervisor. Dette vil seie at han køyrer på toppen av det ordinære operativsystemet til vertsmaskina. Ein type 2-hypervisor er dermed mindre stabil og effektiv samanlikna med type 1-hypervisorar. Type 1 køyrer rett på maskinvara og gir kortare avstand mellom dei virtuelle maskinene og maskinvara. Sidan VirtualBox er ein type 2-hypervisor, er det ikkje så aktuelt å bruke denne i aktive driftsmiljø med faste virtuelle maskiner, men programvara er enkel å bruke og veldig praktisk å bruke i testoppsett.

Denne rettleiinga går gjennom oppsettet av ei virtuell Linux-maskin ved hjelp av VirtualBox på ei vertsmaskin som køyrer Windows 10 som operativsystem. For dei som bruker Mac, kan det vere små forskjellar i framgangen.

1. Installasjon av VirtualBox

Last ned og installer VirtualBox på maskina di. Sjå heimesida til VirtualBox. Vel VirtualBox for Windows hosts dersom maskina di bruker Windows som operativsystem. For Mac er det ein eigen versjon for MacOS på Intel-prosessor eller MacOS på ARM-prosessor (M1/M2). Vel den som stemmer overeins med di maskin.

Under installasjonen vil du bli spurd om standardplassering for virtuelle maskiner. Her må du velje eit område på vertsmaskina der du har nok ledig plass. Under språkval bør du velje engelsk, då dette er brukt i denne rettleiinga. Det er mogleg å justere språk i innstillingane til VirtualBox etter installasjonen.

Vi tilrår òg at du lastar ned nyaste VirtualBox Extension Pack. Denne må installerast etter sjølve VirtualBox og gir støtte for ein del ekstra funksjonalitet.

2. Opprett ny virtuell maskin

Skjermbilete frå programmet VirtualBox som viser eit vindauge for innfylling av VM-namn, plassering og type operativsystem som skal installerast.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Start VirtualBox og trykk på "New" som ligg på midten av ikonlinja på toppen. Då startar ein enkel installasjonsguide.

Gi den virtuelle maskina di eit fornuftig namn og bestem kvar filene skal plasserast. VirtualBox samlar alle filene som høyrer til den virtuelle maskina, i ei hovudmappe under plasseringa du vel.

ISO image

Dersom du allereie har installasjons-ISO-fila du ønsker å installere operativsystemet frå, er det mogleg å legge denne inn under "ISO Image"-feltet.

I denne rettleiinga vil ISO-fil bli vald seinare. Dersom du ønsker å følge rettleiinga, bør du hoppe over å velje ISO-fil her.

Vel kva type operativsystem du tenker å installere, og versjon. I dette dømet vil vi bruke 64 bit Ubuntu Linux.

Trykk "Next" for å gå vidare.

3. Set arbeidsminnemengde og talet på prosessorkjernar til den virtuelle maskina

Skjermbilete som viser rettleiarvindauge med ein skyveknapp og tekstfelt for å bestemme mengda RAM og talet på prosessorkjernar den virtuelle maskina skal få.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På neste side skal du bestemme kor mykje av vertsmaskina sitt arbeidsminne (RAM) og kor mange prosessorkjernar som skal gjerast tilgjengelege til den virtuelle maskina.

Skriv inn verdiane i felta eller bruk skyveknappen (sliderane) for å justere verdiane.

Kor mykje ressursar har vertsmaskina totalt?

VirtualBox sjekkar kor mykje arbeidsminne og tal på prosessorkjernar vertsmaskina har. Dette er verdien heilt til høgre i skalaene på skjermen.

Kor mykje ressursar bør den virtuelle maskina ha?

I teorien kunne du ha gitt den virtuelle maskina tilgang til så å seie alt av ressursane til maskina, men dette vil gjere det vanskeleg for vertsmaskina å fungere skikkeleg.

Den tilrådde løysinga er å gi den virtuelle maskina nok ressursar til å dekke behovet og litt meir. Dersom du skal køyre mange virtuelle maskiner, må ressursane fordelast mellom desse.

Kor mykje arbeidsminne treng den virtuelle maskina di?

Ei virtuell maskin har som oftast få eller berre éi hensikt – til dømes at ho skal levere webserverteneste. Då er det lite poeng i å gi ho meir arbeidsminne enn ho faktisk kjem til å trenge.

Forskjellige operativsystem og tenester har forskjellige behov, så du bør undersøke kor mykje arbeidsminne den virtuelle maskina treng.

Døme på minste mengde arbeidsminne
  • Ubuntu-server (utan grafisk brukargrensesnitt) og webserver for WordPress, 1 GB

  • Ubuntu Desktop (med grafisk brukargrensesnitt) og webserver for WordPress, 2 GB

  • Windows 11 utan annan programvare, 2 GB

  • Windows 11 med LAMP-server for WordPress, 4 GB

  • Windows-server 2022 (Core, utan grafisk brukargrensesnitt), 1 GB

  • Windows-server 2022 (Desktop Experience, med grafisk brukargrensesnitt), 2 GB

4. Lag virtuell harddisk til den virtuelle maskina

Skjermbilete frå programmet VirtualBox som viser eit rettleiarvindauge med radioknappar for val knytte til virtuell harddisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Neste steg er å setje opp ein virtuell harddisk til den virtuelle maskina.

Når du set opp ei ny virtuell maskin, vil du òg setje opp ein ny virtuell harddisk. Dette er valt som standard.

Juster kor stor den virtuelle harddisken skal vere. Verdien du set, er den øvre grensa for den virtuelle harddisken, ikkje kor mykje plass han faktisk tek på vertsmaskina. Plassen den virtuelle harddisken tek på vertsmaskina, vil vere så stor som den faktiske brukte lagringsplassen på den virtuelle maskina. Det er dermed heilt trygt å gi den virtuelle harddisken litt ekstra plass.

Når du er ferdig, trykker du på "Next" for å gå vidare.

5. Sjekk samandrag før den virtuelle maskina blir oppretta

Du vil no få opp eit samandrag av grunnkonfigurasjonen til den virtuelle datamaskina.

Skjermbilete frå programmet VirtualBox som viser eit samandrag av konfigurasjon til virtuell datamaskin.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå gjennom og vel "Finish" dersom du er fornøgd med oppsettet.

6. Sjekk status på den oppretta virtuelle maskina

Den virtuelle maskina blir no konfigurert, og du blir send tilbake til hovudvindauget i VirtualBox.

Virtuelle maskiner du har oppretta, blir vist til venstre. Ved å trykke éin gong på maskina får du opp meir informasjon om ho til høgre.

Skjermbilete frå programmet VirtualBox som viser hovudvindauget.
Opne bilete i eit nytt vindauge

7. Tilpassingar av den virtuelle maskina

Skjermbilete frå programmet VirtualBox som viser eit vindauge med innstillingskategoriar på venstre side og detaljerte innstillingar på høgre side.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vel den virtuelle maskina og trykk på "Settings" i ikonlinja på toppen av hovudskjermen. Du kan no gjere ekstra tilpassingar til den virtuelle maskina.

Obs: Dersom den virtuelle maskina er starta, vil du ikkje kunne forandre ein del av innstillingane. Slå av den virtuelle maskina for å få tilgang til alle tilpassingsvala.

8. Vel nettverkstype

I dei fleste tilfelle ønsker vi at den virtuelle datamaskina skal kunne kople seg til nettverk og internett. Dette kan gjerast på fleire måtar.

Finn innstillingane for nettverk ved å trykke på "Network" i den venstre kolonnen.

Skjermbilete frå programmet Virtualbox som viser eit vindauge med innstillingar for virtuelt nettverkskort.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som standard blir "NAT" brukt, dette gjer det mogleg for den virtuelle maskina å nå internett gjennom vertsmaskina si eiga IP-adresse. Dette er enkelt og praktisk, det er òg mogleg å setje opp "port forwarding" som gjer at enkelttenester på den virtuelle maskina kan nåast frå ei anna datamaskin i nettverket.

"Bridged Adapter" koplar saman nettverkskortet til den virtuelle maskina med det fysiske nettverkskort til vertsmaskina. Fleire virtuelle maskiner og vertsmaskina kan gjere dette samtidig, og kvar enkelt vil få ei unik IP-adresse av DHCP-serveren til det fysiske datanettverket, eller dei kan setje sine eigne statiske IP-adresser. Bruk av "Bridged Adapter" er ei enkel løysing for å gjere den virtuelle maskina lett tilgjengeleg i lokalnettverket og gi internettilgang. Dette er spesielt praktisk dersom den virtuelle maskina skal køyre servertenester i lokalnettverket.

Dersom du set opp eit system som ein del av ei skuleoppgåve, er det sannsynleg at læraren din har ein preferanse for kva nettverkstype du skal bruke.

Gjer dei ønskte forandringane og trykk "OK" for å komme tilbake til VirtualBox sitt hovudvindauge.

9. Skaff installasjons-ISO

Sidan harddisken til den nye virtuelle maskina er tom, må vi installere eit operativsystem. Operativsystemet kjem i ei ISO-fil som vi koplar til ein virtuell cd/dvd-spelar til den virtuelle maskina.

Ei ISO-fil vil innehalde alt innhaldet som tradisjonelt låg på ein cd eller dvd. Desse er derfor mykje brukte for å formidle operativsystem.

ISO-filer for både Linux og Windows er lett tilgjengelege via internett. Dersom du set opp ei virtuell maskin som ein del av eit skulearbeid, kan det vere at læraren din ønsker at du skal bruke eit bestemt operativsystem og ISO. Skaff denne ISO-fila og legg ho inn på vertsmaskina.

Obs: Vi tilrår at du lagar ei mappe til alle ISO-filer. Da blir det lettare å finne dei seinare.

10. Første oppstart av den virtuelle maskina

Gå til VirtualBox sitt hovudvindauge og dobbelklikk på den virtuelle datamaskina i lista til venstre. Dette startar den virtuelle maskina.

Skjermbilete frå programmet VirtualBox som viser eit popup-vindauge med val av ISO-fil.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den første gongen du startar opp den virtuelle maskina, (og dersom du ikkje valde ei ISO-fil under oppsettet), vil du få ei feilmelding som ho på biletet.

Trykk på den vesle pila heilt til høgre i dvd-feltet. Vel "Other...". Eit navigasjonsvindauge vil bli opna, og du må navigere til og velje ISO-fila du lasta ned.

Når du har valt ISO-fil, vel du "Mount and Retry Boot".

11. Gå gjennom installasjon av operativsystem

Den virtuelle maskina vil no starte med utgangspunkt i ISO-fila du valde. Eit vindauge vil bli opna, og du kan manipulere det med tastatur og nokre gonger datamus.

Skjermbilete frå programmet VirtualBox viser eit skjermvindauge med terminalvisning frå den virtuelle maskina. Bakgrunnen er svart, og det er mange linjer med tekst.

Når musepeikaren blir brukt inne i vindauget som viser den aktive virtuelle maskina, kan det vere vanskeleg å få han ut igjen. Bruk den høgre CTRL-knappen for å gå ut av vindauget.

Dersom du trykker på lukkekrysset til den virtuelle maskina, gir du beskjed til systemet at du ønsker å skru av den virtuelle maskina. Du får då opp val for korleis du vil gjere dette. Vi tilrår derfor at du bruker minimereknappen dersom du ønsker å halde fram med å ha den virtuelle maskina gåande, men utan at ho skal ta opp skjermplass på vertsmaskina.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2023