Hopp til innhald
Rettleiing

Statisk elektrisitet

Dei fleste har opplevd å få elektrisk støyt på grunn av statisk elektrisitet. Fenomenet er ubehageleg, men som oftast ufarlig. Dessverre er elektrostatiske utladningar (ESD) skadelege for fin-elektronikk. Derfor prøver vi å unngå statisk elektrisitet når vi arbeider i datamaskiner.

Kva er statisk elektrisitet?

Statisk elektrisitet oppstår når ein gjenstand blir opplada. Det vil seie at elektron blir fjerna eller blir tilførte slik at gjenstanden ikkje lenger er elektrisk nøytral. Det blir då ei spenning mellom den opplada gjenstanden og jord (jord blir rekna som elektrisk nøytral), og det oppstår eit elektrisk felt omkring den lada gjenstanden.

Når gjenstanden kjem i nærleiken av andre gjenstandar eller personar som ikkje har den same positive eller negative ladninga, får vi ei elektrostatisk utlading (ESD). Denne kan ha mange tusen volt og kan lage synlege gneistar som lett kan tenne på brennbare materiale.

Kvifor statisk elektrisitet er skadeleg for elektronikk

Moderne elektronikk består av mange mikrobrikker der det går elektriske leiarar som er tynnare enn hårstrå. Viss desse blir utsette for elektrostatisk utlading, kan leiarane få skadar, brenne av eller gneistar kan hoppe mellom leiarar. Resultatet kan dermed vere at elektronikken blir øydelagd eller ustabil. Det er derfor viktig å unngå elektrostatiske utladingar viss vi skal arbeide inne i datamaskiner.

Tiltak for å unngå/motverke statisk elektrisitet

Det er fleire ting som kan gjerast både for å redusere oppbygging av statisk elektrisitet og tiltak som kan gjerast for å fjerne statisk elektrisitet etter kvart som han blir bygd opp.

Val av klede

Dei fleste klede kan byggje statisk elektrisitet når dei blir gnissa mot hud eller andre klede. Spesielt klede av polyester og ull har lett for å byggje opp ei statisk ladning. Låg luftfukt kan òg bidra til at klede lettare byggjer ladning. Tøymyknarar kan hjelpe med å gjere klede mindre statiske.

Unngå helst å ha på mange lag med klede (til dømes ytterjakke) når du arbeider med elektronikk. Pels og falsk pels bør spesielt unngåast.

Unngå gnissing

Statisk elektrisitet blir bygd opp på grunn av gnissing mellom materiale. Ved å unngå gnissing kan du unngå oppbygging av statisk elektrisitet. Dette kan gjerast ved å halde seg mest mogleg i ro medan du arbeider med elektronikk. Ikkje dra beina over golvet eller snu på stolen du sit på.

Bruk av antistatiske armband og matter

I bedrifter som arbeider med elektronikk er det eit vanleg tiltak å bruke antistatiske armband eller matter for å unngå oppbygging av statisk elektrisitet.

Armbandet eller matta lagar kontakt mellom personen som arbeider med elektronikken og eit jordingspunkt. Dette gjer at ladning som blir generert, til dømes med klesplagg som gnissar mot kvarandre, blir leidd bort til jord fortløpande og at datautstyret har den same ladninga som du sjølv har.

Manuell utlading

Viss du ikkje har tilgang til antistatiske armband, kan du manuelt utlade deg mot eit jorda metallobjekt. Dette kan til dømes vere ei vasskran. Du kan òg utlade deg mot kabinettet til datamaskina. På den måten har du same ladning som eininga og dermed ingen fare for utladning.

Desse tiltaka er betre enn ikkje noko, men definitivt dårlegare enn bruk av antistatiske armband og matter, fordi du heile tida må fokusere på det.

Antistatiske posar

Antistatiske posar blir brukte under lagring og transport av utstyr som er sensitivt for elektrostatiske utladingar. Posen er elektrisk leiande slik at statisk elektrisitet ikkje får bygd seg opp i enkeltkomponentar ved gnissingar og fordeler eventuell elektrostatisk ladning utover når ein tek i posen. Dermed blir faren redusert for skade på utstyret i posen.