Hopp til innhald

Fagstoff

Planleggje utrulling og fallback

For nye systeminstallasjonar i eit eksisterande nettverk må sjølve utrullinga også planleggjast slik at drifta ikkje blir forstyrra meir enn absolutt nødvendig. I tillegg må det finnast ein fallback-løysing i tilfelle noko går gale.
Stresset forretningsmann på kontoret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å gjennomføre ein større systeminstallasjon eller ei oppgradering blir gjerne kalla for ei utrulling og krev at det blir laga ein utrullingsplan.

Utrullingsplanen skal vise

  • kva som skal rullast ut til kva brukarar
  • ein tidsplan for utrullinga
  • ei oversikt over kva aktivitetar som må gjennomførast i samband med utrullinga
  • kven som har ansvaret for å utføre dei ulike oppgåvene under utrullinga

Sjølv om ei løysing er testa ut på førehand, kan det alltid skje noko som gjer at installasjonen feilar. I så fall må det finnast ein plan for korleis ein skal kome tilbake til situasjonen slik han var før installasjonen tok til. Dette blir ofte kalla ei fallback-løysing.

Lenkje: Døme på mal for utrullingsplan fra Universitetet i Oslo

Filer

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 22.11.2018

Læringsressursar

Praktisk IT