Å vere i grupper
Barne- og ungdomsarbeidaren treng også å vite noko om korleis andre vaksne fungerer i grupper. Kva for prosessar verkar i dei gruppene vi sjølv høyrer med i? Mykje av arbeidsdagen vår går nemleg med til å samhandle med vaksne – med foreldre, kollegaer, overordna og administrasjonen i kommunen. Det er forventa at vi skal kunne samarbeide og kommunisere med alle slags menneske uansett alder, posisjon og bakgrunn.
Alt dette krev at vi har gode kunnskapar om gruppeprosessar.
Ein grunnmur for vaksenlivet
Å vere saman med jamaldrande ser ut til å vere viktig for den sosiale utviklinga vår. Vi lærer korleis vi skal omgåast kvarandre, og korleis vi bør te oss for å bli aksepterte av andre.
Dei grunnleggjande trekka i sjølvbiletet vårt blir danna tidleg i barndommen. Kjærleik, merksemd og andre positive reaksjonar som vi kan møte i barnegruppene, gjer at vi får ei positiv oppfatning av oss sjølv. Har vi eit godt sjølvbilete, toler vi også motgang og kritikk betre.
Når fleire menneske skal leve eller arbeide saman, trer det straks i verk mekanismar som regulerer samspelet. Desse gruppeprosessane verkar i like stor grad hos barn som hos vaksne. Erfaringane frå desse tek vi med oss inn i andre grupper seinare.
Noko av gruppespelet handlar om rollefordeling. Alle prøver instinktivt å finne si eiga rolle eller sin funksjon i gruppa. Det same skjer i barnegruppene. Nokre får låg status i gruppa, andre får ein nøytral mellomstatus, medan enkelte blir leiarar.
Barne- og ungdomsarbeidaren opptrer i fleire grupper:
som leiar og rollemodell i barnegrupper
som arbeidstakar og kollega i profesjonelle grupper
som eit bindeledd mellom foreldra og barnehagen, skulen og SFO
Utfordringar til deg
Nemn nokre grupper som barne- og ungdomsarbeidaren opptrer i.
Kvifor er det positivt for oss å vere saman med jamaldrande?
Kva for rolle spelar sjølvbiletet vårt i gruppa?
Kva for rolle har du i dei ulike gruppene du er ein del av?