Korleis skape gode grupper? - Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Korleis skape gode grupper?

Barn og unge kjem i kontakt med ulike grupper overalt der dei ferdast. Dei går inn og ut av ulike gruppesamanhengar, og slik byggjer dei opp erfaring. Har du tal på kor mange grupper du går inn og ut av i løpet av ein dag? Og har du tenkt over kva dei gjer med deg, og kva du gjer med dei?

Del 1. Teoretisk del

Gå saman to–tre stykk og bestem dykk først for korleis de vil løyse denne oppgåva. De kan levere ho inn som eit skriftleg svar, lage film, plakat, podkast, halde framlegg for klassen, eventuelt gjere det på andre måtar. Alle i gruppa skal ha full oversikt over innhaldet i sluttproduktet.

  1. Kva er ei gruppe? Gi døme på ulike grupper.

  2. Kva er forskjell på primær- og sekundærgrupper? Gi døme.

  3. Kva er formelle grupper og uformelle grupper? Gi døme.

  4. I ei formell gruppe oppstår det gjerne uformelle grupper. Kva betyr det, og kva fordelar og ulemper kan det medføre?

  5. Som medlemmer av grupper tek vi gjerne ulike roller. Kva roller tek de i dei ulike gruppene som de høyrer til? Forklar og gi døme.

  6. Kva er ei referansegruppe, og kven kan eventuelt vere det for dykk?

  7. Kvifor søkjer vi oss inn i grupper? Kva behov ønskjer vi å dekkje?

  8. Kva blir meint med gruppepress? Er gruppepress noko negativt eller positivt for dykk? Grunngi.

  9. Korleis kan grupper påverke sjølvbiletet og sjølvkjensla til barn og unge? Forklar og gi døme.

  10. Kva kjenneteiknar grupper som fungerer godt og grupper som fungerer dårleg? Gi døme.

  11. Kva konsekvensar kan det få for barn og unge dersom dei kjenner seg "utanfor" i barnehagen, skulen, SFO eller i ei ungdomsgruppe?

  12. Kva tiltak vil du setje i verk dersom du jobbar i ei barnegruppe som ikkje fungerer? Grunngi.

Del 2. Refleksjon over gruppearbeidet

Det kan vere krevjande å jobbe i gruppe. I denne oppgåva skulle de alle ha full oversikt over innhaldet i sluttproduktet.

  1. Korleis starta de med å løyse denne oppgåva?

  2. Korleis sørgde de for at alle fekk bidra i arbeidet? Gi døme og grunngi kvifor det er viktig at alle får moglegheit til å delta.

  3. Kva gjekk bra, og korleis veit de det? Gi døme og grunngi.

  4. Kva ville de gjort annleis neste gong?

  5. Kva roller tok de under gruppearbeidet? Var de fornøgde med dei rollene de fekk, eller tok?

  6. Korleis motiverte de kvarandre til gruppeoppgåva?

  7. Korleis opplevde de denne oppgåva?

Del 3. Praktisk del

Jobb saman i grupper. Planlegg ein eller fleire aktivitetar for klassen dykkar som fremjar inkludering og ei god gruppekjensle.

  1. Observer og tenk gjennom kva som må til for å fremje inkludering og ei god gruppekjensle i klassen. Grunngi vala dykkar.

  2. Lag ein plan for ulike aktivitetar som fremjar inkludering og ei god gruppekjensle. Forklar kva de skal gjere, korleis og kvifor.

  3. Gjennomfør aktiviteten med klassen. Dokumenter det de gjer.

  4. Vurder aktivitetane i fellesskap i klassen. Kva gjekk bra, og kvifor? Kva fungerte ikkje så bra, og kvifor?

  5. Avslutt med ein idédugnad på aktivitetar de kan gjennomføre i klassen som styrkjer gruppemiljøet. Lag ein plan med oversikt over når de kan få gjennomført desse aktivitetane, og kven som skal ha ansvaret for at dei blir gjennomførte. Foreslå at planen kan leggjast inn i årsplanen for klassen.

Del 4. Refleksjonsoppgåver

  1. Kva kan vi som barne- og ungdomsarbeidarar gjere dersom barnegruppa vi jobbar med ikkje fungerer godt?

    1. Korleis skal vi kommuniserer for at alle skal kjenne seg inkluderte?

    2. Kva haldningar må vi vise?

    3. Kva veremåte må vi ha for at alle skal kjenne seg inkluderte?

    4. Kva skal vi gjere dersom nokre barn ikkje følgjer "spelereglane" i gruppa?

  2. Nokre gonger er det behovet til det enkelte barnet ikkje samsvarande med behovet til gruppa. Korleis tek vi vare på både enkeltindividet og behovet i gruppa?

  3. Korleis kan du bidra til å skape eit godt samspel mellom barn i barnegruppa?

  4. Bruk kritisk tenking og reflekter over påstanden: "Dagens samfunn er prega av rettane til individet. Nokre gonger opplever vi at behovet til enkeltindivid går utover behovet til fellesskapet".

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Planleggingsverktøy

I dette skjemaet kan du planleggje og vurdere aktivitetar som du kan gjennomføre.

Fagstoff
Kritisk tenking og etisk medvit

Barn og unge er nysgjerrige og stiller spørsmål. Alle tilsette skal bidra til at dei utviklar kritisk tenking og handlar med etisk medvit.

Skrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2021