Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gruppedanning i Lord of the Flies

Lord of the Flies (Fluenes herre) er ei filmatisering av William Goldings roman med same namn. Filmen fortel historia om ei gruppe gutar frå 6–14 år som strandar på ei aude øy. I byrjinga går det bra, men etter kvart skjer det noko med gruppa. Kva er det som går gale?

Om filmen

Denne filmatiseringa av Fluenes herre er frå 1963 og i svart-kvitt. Det finst ein nyare versjon i fargar som blei produsert i 1990. Oppgåvene kan brukast med utgangspunkt i begge filmane.

Før du ser filmen, skal du jobbe med oppgåver om kva som kjenneteiknar ei gruppe, og om forskjellen mellom gode grupper og grupper som fungerer dårleg. Etter at du har sett filmen, skal du svare på spørsmål til handlinga i filmen. Vidare skal du drøfte tematikken av filmen i eit større samfunnsperspektiv.

Oppgåver

1. Før filmen

  1. Kva kjenneteiknar ei gruppe?

  2. Kva kjenneteiknar ei velfungerande gruppe?

  3. Kva kjenneteiknar ei gruppe som ikkje fungerer godt?

  4. Kva tiltak bør ein setje inn når gruppene fungerer dårleg?


2. Inn i filmen

  1. Kva synest de om filmen?

  2. Korleis vil du beskrive gruppa med gutar i byrjinga av filmen?

  3. Kva roller inntek dei ulike gutane i filmen? Og er det roller dei får eller tek?

  4. Korleis vil du beskrive Ralph, Piggy og Jack i byrjinga av filmen?

  5. Kva trur du var grunnen til at nokon valde å bli i gruppa til Jack?

  6. Kva trur du var grunnen til at nokon valde å bli i gruppa til Ralph? Kva behov ønskte dei å dekkje?

  7. Kva var Jack oppteken av i gruppa si?

  8. Kva var Ralph oppteken av i gruppa si?

  9. Kvifor vil Jack lage ny leir?

  10. Kvifor målar dei ansikta?

  11. Korleis vil du beskrive Simon, og kvar står han i forhold til dei andre?

  12. Kvifor drep dei Simon?

  13. Kva lydeffektar blir brukte under dansen rundt bålet, og kva var formålet med det?

  14. Kva trussel utgjer Piggy, og kvifor blir Piggy drepen?

  15. Forsøk å formulere dei dilemmaa som Ralph og Jack står overfor?

  16. Kva trur du Piggy meinte når han fortvila seier til Ralph – etter at dei har stole brillene hans: "Vi gjorde akkurat sånn som vaksne hadde gjort. Kvifor fungerte det ikkje?"


3. Ut av filmen

  1. Kva for eit bilete gir filmen av mennesket og menneskesinnet? Grunngi svaret ditt.

  2. Dersom det hadde vore ei gruppe jenter i 6–14 årsalderen som landa på ei aude øy – kva trur du ville skjedd då? Ville det vore annleis enn med gutar? Forklar.

  3. Kva bør vi reflektere rundt når det gjeld dei ulike behova til barn for å ta del i ei gruppe?



CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide og Tina Andersson.
Sist fagleg oppdatert 18.08.2021

Læringsressursar

Grupper