Hopp til innhald
Oppgåve

Gruppeprosessar

Dei fleste barn oppheld seg i grupper saman med andre barn i kvardagen. Steinbråten barnehage i Oslo har lang erfaring med grupper og gruppeprosessar, og i denne filmen deler dei erfaringane sine med oss.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåver

  1. Kor viktig er gruppetilhøyrsla for barn og unge? Kva lærer barn av å delta i grupper?

  2. Korleis kan ei gruppe styrkje kjensla av tilhøyrsel og oppfylle omsorgsbehovet til den enkelte?

  3. Kva er fordelen med grupper som har vore mykje saman?

  4. Korleis kan vi som vaksne bidra til å skape gode haldningar internt i gruppa?

  5. Kva er viktig å tenkje på når vi set saman ei gruppe?

  6. Kva kan tilhøyrsel til ei gruppe bidra til for barn og unge? Gi døme.

  7. Kva er prososial åtferd? Kvifor er det viktig med prososial åtferd i gruppesamanheng?

  8. Kva betyr det at ingen barn skal oppleve å vere syndebukk?

  9. Korleis kan du vere med på å skape tryggleik for alle i ei gruppe? Forklar og gi døme.

  10. Kva har det å få felles opplevingar å seie?

  11. Korleis vil du beskrive ei god gruppe? Gi døme og grunngi kvifor.

Praktiske oppgåver

  1. Finn ut korleis du lagar pil og boge, og prøv å lage det.

  2. Finn ut korleis du lagar seljefløyte, og prøv å lage ei.