Hopp til innhald

Fagstoff

Kommunikasjon og interkulturell kompetanse

Korleis kommuniserer du med menneske du ikkje kjenner? Det kan vere vanskeleg å vite kva for normer og verdiar den andre har, og korleis det vil påverke samtalen. Relasjonen mellom dykk er også viktig.
Jente som viser med kroppen at hun er oppgitt. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Open og lukka kommunikasjon

Måten vi kommuniserer på som avsendarar og mottakarar, kan vere avgjerande for utfallet av ein kommunikasjonssituasjon. Er vi villige til å lytte og prøve å forstå kva den andre meiner, kvifor ho meiner det ho seier og kva ho vil oppnå, eller er vi berre opptekne av å få fram vår eigen bodskap – å få rett!

skilnaden mellom lukka og open kommunikasjon

Lukka kommunikasjon

Open kommunikasjon

  • Oppgåva mi er å få deg til å sjå at standpunktet mitt er rett.
  • Dersom du likevel ikkje ser at mitt syn er rett, då vil eg ta det som eit bevis på manglande intelligens eller at du har skjulte motiv.
  • Då vil eg argumentere sterkare og meir direkte, roleg og meir utspekulert, eller skifte mellom fleire sett av argument.
  • Eg vil poengtere mitt syn direkte, og gi overtydande argument, eller stille spørsmål slik at du blir nøydd til å kome til dei same konklusjonane.
  • Oppgåva mi er å forsvare mitt syn, men gjere det mogleg å avdekkje dei svake sidene ved det.
  • Eg vil poengtere standpunktet mitt opent, be deg om å reflektere rundt det og oppfordre deg til å leggje fram ditt syn, slik at eg kan reflektere rundt det.
  • Dersom du ikkje ser at eg har noko å fare med, då vil eg vurdere om det er mogleg at du ser noko eg ikkje ser.
  • Då vil eg oppmuntre deg til å grunngi nærmare tankegangen din som har ført til ein annan konklusjon enn min.

Dobbeltkommunikasjon

Dobbeltkommunikasjon oppstår når du seier noko, samtidig som du eigentleg uttrykkjer noko anna, kanskje det motsette. Avsendar kan seie to motsette ting i same utsegn. Også kroppsspråket kan vise kva avsendaren eigentleg meiner:

Foreldra i dag er ekspertar på dobbeltkommunikasjon. Høyr på dette: «Ja, så gå på den festen, då … Men du får eigentleg ikkje lov!» Også kroppsspråket formidlar at dette likar dei eigentleg ikkje, men du har din eigen vilje og er vand med å få han. Kjenner du deg igjen?

Også åtferd og livsstil kan kome i konflikt med det som blir sagt. Vi kan ha intensjonar om å handle på beste måte, men det er vanskeleg å få til det vi ønskjer i praksis. Når det vi seier blir vanskeleg å gjennomføre, har vi ein tendens til å velje enklaste utveg:

«Eg meiner at ein nøysam livsstil er det beste både for medmenneska mine og miljøet. Samtidig gler eg meg enormt til Syden-reisa saman med venninnene mine. Vi skal leige bil, slik at vi kjem oss lettvint omkring. Klede og smykke er vanvettige billege på Kreta.»

Nokre gonger handlar det om at det er andre som sit med makta til å gjennomføre. Dei kan ha andre intensjonar og omsyn å ta:

Ein norsk utviklingsarbeidar i eit afrikansk utviklingsprosjekt kan hevde at dei menneska han arbeider blant skal ha medråderett i eit utviklingsprosjekt, samtidig som strukturane og premissa for det heile stengjer ute alle former for likeverdig medstyring.

Når det kjem til stykket, er det utviklingseksperten som bestemmer – i kraft av si rolle i organisasjonen av prosjektet og i kraft av pengane han disponerer. Heile situasjonen kommuniserer kven som er overordna og kven som er underordna, kven som bestemmer reglane for samhandlinga.

Døma ovanfor viser at det ikkje alltid er samsvar mellom liv og lære, mellom ord og handling. Vanlegvis talar handlingane sterkare enn alle orda.

Symmetri og asymmetri

Tre venner snakker sammen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døma viser også eit anna viktig poeng ved kommunikasjon. Kommunikasjonsrelasjonar kan vere symmetriske eller asymmetriske.

Ein symmetrisk relasjon inneber at kontroll, makt og råderett er jamt fordelt mellom partane, slik at dei dannar likeverdige relasjonar. Ofte blir det opplevt slik i forholdet mellom gode vener eller kollegaer som i ord og handling viser gjensidig respekt for kvarandre. Symmetri føreset balanse i forholdet, og at ein opplever kvarandre som jambyrdige.

Asymmetri er det motsette, at den eine har meir makt, kontroll eller autoritet enn den andre. Relasjonen kan medføre eit slags foreldre-barn-forhold også mellom vaksne, der den eine blir liten, usikker, trassig eller opprørsk, mens den andre blir stor, sjølvsikker, moralsk eller autoritær. Den eine blir svak, den andre sterk, og dette er ei oppleving dei begge på sett og vis deler.

Til dømes kan asymmetrien i forholdet mellom terapeut og pasient vere bestemt gjennom rollefordelinga. Den eine er hjelpar, den andre er den som treng og får hjelp. Alle omsorgssituasjonar inneber eit asymmetrisk forhold. I slike situasjonar er det viktig at makta den sterke har, som i og for seg er legitim, ikkje blir misbrukt overfor den svake. Den sterke må heller ikkje ta alt ansvaret bort frå den svake, så sant vedkommande er i stand til å mobilisere sine eigne ressursar.[1]

Relasjonskommunikasjon

Når vi kommuniserer om eit saksinnhald, eit bestemt tema eller eit problem, kan vi kalle det for innhaldskommunikasjon. Ein slik kommunikasjon kan for det meste vere verbal, men blir understøtta av ikkje-verbal kommunikasjon. Vi kan likevel også samtidig kommunisere om vårt innbyrdes forhold, det vi kan kalle relasjonskommunikasjon.

Ein relasjonskommunikasjon skjer ofte ikkje-verbalt, til dømes med små trekningar i ansiktet, ulike typar smil eller manglande smil, oppsøkjande eller avvikande blikkontakt og små «ja»- og «hm»-lydar. Slik respons vil nokså effektivt formidle om vi er interesserte i å utdjupe kontakten, eller om vi ønskjer å «kutte ut».

Relasjonsaspektet er knytt til måten vi formidlar innhaldet i ein kommunikasjon på, det vil seie den haldninga vi – verbalt og ikkje-verbalt – vender oss til andre med, til dømes ved å vise interesse, likesæle, utolmod, godhug eller irritasjon.

Relasjonskommunikasjon kan sjølvsagt også formidlast verbalt eller skriftleg ved at ein prøver seg med «min gamle ven», «dritsekk», «kjærleg klem» eller «vi ser kvarandre snart». Dei innbyrdes relasjonane, som gjerne også omfattar meir samkvem som inneber kjensler mellom kommunikasjonspartnarane, er utruleg viktige for vår måte både å sende og ta imot teikn og signal på.

Sympati og empati

Ordet sympati kjem av gresk og betyr medkjensle eller medleving (gresk: sym = med, patheia = kjensle). Empati betyr innføling eller innleving (gresk: em = i).

Vi kan vise sympati når vi gir uttrykk for å forstå kjenslene til ein annan fordi vi har opplevd noko liknande sjølv. Vår evne til å tenkje oss sjølve i den andre sin stad er sjølvsagt avgrensa, for vi kan aldri gå inn i ein annan sin identitet. Oftast kan vi berre førestelle oss korleis vi sjølve ville ha tenkt, talt og handla i den andre sin stad ut frå våre føresetnader.

Det blir fortalt at dronning Marie Antoinette under den franske revolusjonen, då bøndene storma kongens palass, spurde kvifor dei bråka slik. «Dei har ikkje brød!» blei det sagt. «Kan dei ikkje ete kaker?» spurde dronninga. Hennar kontakt med den daglege røyndommen til bøndene var så liten at ho hadde inga evne til innleving i situasjonen deira. Hennar sympati strekte seg til å tenkje seg inn i deira stad med sine eigne røynsler. I eit slikt tilfelle ville ho sjølv ha ete kaker. Ho såg altså situasjonen ut frå si eiga referanseramme.

Vi kan ikkje like lett seie korleis den andre verkeleg tenkjer, talar, føler og handlar ut frå sine eigne føresetnader. Denne forskjellen er viktig. Dersom eg til dømes fortel deg at eg nyleg har mista tanta mi, kunne du førestelle deg korleis du ville ha følt det om det var tanta di som var død? Dersom eg nyleg hadde mista jobben min, eller arva ein million kroner, kunne du tenkje deg korleis du ville ha kjent det om det hadde hendt deg? Denne kjensla kallar vi sympati.

Empati er medkjensle eller innleving. Denne kjensla går ut på å førestelle seg korleis den andre opplever ting ut frå dei føresetnader han eller ho har. Dette er mykje meir krevjande. Ved sympati tenkjer du deg sjølv inn i ein annan sin stad, men du er like fullt deg sjølv, og du opplever verda gjennom di eiga referanseramme – ditt eige kulturfilter.

Empati viktig i interkulturell kommunikasjon

Ved empati tenkjer du deg inn i den andre sin stad på ein slik måte at du føler, ser og opplever ut frå den andre sin ståstad, gjennom den andre sine kulturelle briller. Dette er sjølvsagt ikkje fullt ut mogeleg, men innleving kan vere eit ideal, og i interkulturell kommunikasjon kan det vere avgjerande for ei verkeleg forståing. Likevel må vi understreke at empati handlar om å oppfatte den andre sine kjensler, men også å vite at denne kjensla ikkje er eins eigen.

Kommunikasjonsforskaren Richard Brislin hevdar at menneske med ei empatisk haldning har lettare for å utvikle andre kommunikasjonsevner enn dei som er karakteriserte som å vere ikkje-empatiske. Å ha ei empatisk haldning er derfor ein viktig føresetnad for interkulturell kompetanse.

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Dahl. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 05.12.2023

Læringsressursar

Relasjonar