Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Omstillingsprosessar ved innovasjon

For å fremje innovasjon kan det ofte vere nødvendig med omstillingsprosessar internt i bedrifta. Kva kan du om omstilling og utvikling? Bruk eigne ord når du skal forklare dei ulike omgrepa og svare på oppgåvene.
 Sju smilande personer rundt eit bord, sju hender i ein haug. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Kva meiner vi med omstilling?
  2. I kva situasjonar må bedrifter omstille seg?
  3. Kva er avgjerande for å lykkast med omstillingsprosessar?

Oppgåve 2

Vel om du vil ta utgangspunkt i ei reiselivsbedrift, ein butikk eller eit sikkerheitsfirma når du svarer på spørsmåla nedanfor.

  1. Kva faktorar trur du er dei viktigaste drivarane for omstilling no?
  2. Korleis påverkar omstillingsprosessar dei tilsette i bransjen?
  3. Skisser ei omstilling du meiner vil bli nødvendig i framtida, og forklar korleis du ville ha gjennomført omstillingsprosessen i ei tenkt bedrift.
CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 12.05.2021

Læringsressursar

Omstilling og utvikling