Hopp til innhald

Fagstoff

Endringar i marknadene

Med "marknad" meiner vi ei gruppe kjøparar og seljarar som handlar bestemte varer og tenester. Marknadene styrer utviklinga rundt tilbod og etterspurnad, altså kva varer og tenester kundar vil kjøpe, og kva det er mindre behov for.
Kvinne les blad mens ho køyrer førarlaus bil. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er fleire tilhøve som påverkar marknadene. Det kan handle om ting som skjer i sjølve bedrifta eller hos konkurrentar. Marknaden kan også bli påverka av spesielle tilhøve knytt til akkurat bransjen din eller av store linjer som gjeld utviklinga i heile samfunnet.

Dette påverkar marknadene

Tilhøve som har innverknad på kjøp og sal av varer og tenester i ein fri marknad, blir kalla marknadsmekanismar. Tilhøve som påverkar reiselivsnæringa i Noreg kan til dømes vere kor mange hotell som skal bli bygde i eit bestemt område, eller kor mykje den norske krona er verd samanlikna med andre valutaer.

For tryggingbransjen vil kriminalitetsnivået i samfunnet eller satsing på politi ha noko å seie for kor mange vektarar det er behov for. Andre faktorar som påverkar konkurransekrafta til ei bedrift, kan vere:

  • nye konkurrentar
  • tap av store kundar
  • kundeåtferd som endrar seg
  • prisauke på råvarer
  • offentlege påbod og nye lovkrav
  • utvikling på børsen
  • ny teknologi

Bedrifter prøver heile tida å tilpasse seg marknaden med nye produkt. Aktørar som lanserer betre produkt enn konkurrentane, kan utkonkurrere dei. Eit døme er korleis Nokia gjekk frå å vere størst til å bli borte då Apple kom med sin første iPhone.

I 2007 var Nokia leiande på marknaden. Fire av ti selde telefonar var ein Nokia-telefon. Den nye iPhone viste seg å vere meir brukarvenleg enn alle dei andre telefonane som fanst. Innan seks år slutta Nokia heilt å lage mobiltelefonar sjølve, og telefonverksemda vart seld til Microsoft.

Nokia tok ikkje endringane i marknaden på alvor. Dei trudde ikkje dataselskapet Apple var i stand til å lage ein mobiltelefon i det heile teke, langt mindre ein telefon som var mykje betre enn deira eigen.

Megatrendar som gjeld alle

Nokre store utviklingstrekk vil påverke heile verda på tvers av bransjar. I dag dreier slike megatrendar seg om teknologi, klimaendringar og mangel på ressursar.

Teknologi speler ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga både i Noreg og i resten av verda. Når prosessar blir digitaliserte og flytte til internett, kan ei rekkje jobbar bli utførte betre og billegare.

Verksemder som produserer og sel varer og tenester meir effektivt enn tidlegare, har eit konkurransefortrinn.

Sidan internett ikkje kjenner landegrenser, kan også marknaden vi sel til, vere global, det vil seie over heile verda. Det at vi stadig handlar meir på internett og ikkje i fysiske butikkar, er eit døme på dette.

Nye, konkurrerande marknader kan også oppstå som ei følgje av digitalisering. Airbnb, ei teneste for utleige av privatbustader, har ført til at hotell sel færre overnattingar. Sånn sett har Airbnb endra ein del av marknaden for turistnæringa.

Klimaet på jorda endrar seg raskare enn nokon gong. Det at verksemder må bli meir berekraftige, påverkar marknadene på fleire måtar. Lovendringar, aukande samfunnsansvar og etterspurnad etter miljøvenlege produkt kan vere tilhøve som driv denne utviklinga.

Hurtigruten har til dømes sett seg som mål å kjempe mot masseturisme fordi det fører til stor slitasje på destinasjonar, naturen og lokalsamfunnet. Derfor ønskjer dei å selje dyrare kvalitetsopplevingar til færre, heller enn satse på fleire turistar, skip og hotell. Dei stiller strengare krav til seg sjølv enn det som er pålagt av myndigheitene, fordi dei ønskjer å drive berekraftig.

Sidan folketalet på jorda aukar og stadig fleire kan kjøpe meir, aukar etterspurnaden etter ressursar som energi, areal, vatn og mineral. Det vil seie at vi må skape meir ut av mindre, utan at vi slepp ut CO2. Det kan vi gjere ved å til dømes reparere, bruke om att, dele og leige.

Gründerane bak selskapet Fjong var leie av å kjøpe dyre klede som berre vart brukte eit par gonger. Derfor starta dei ein nettbutikk, eller eit digitalt kledeskåp, der du kan leige ut klede som elles berre heng i skåpet, eller leige andre klede du treng. Smart, ikkje sant?

Endringane i marknaden skjer gradvis

Bedrifter og verksemder som truleg vil vekse dei neste ti åra, er dei som leverer produkt og tenester som er digitale, berekraftige eller ressurssparande.

Bedrifter kan altså tilpasse seg marknaden ved å produsere varer og tenester der dei får meir ut av mindre, vere digitaliserte og ikkje belaste klimaet meir enn naudsynt. Marknadsendringar er glidande, dei skjer gradvis. Ofte vil endring i ein bransje ha direkte innverknad på endringar i ein annan.

Sensorar, tingnettet og innsamling av data gjer at vi får stadig smartare hus. Sensorar registrerer ting som skjer i huset. Saman med andre apparat er dei kopla til tingnettet og kan kommunisere med kvarandre. Når desse systema igjen er kopla opp mot ein vaktsentral, vil vektarar kunne seie frå om farlege tilhøve før ulykka er ute.

I dag reagerer vaktselskapet berre viss brannalarmen går. I nær framtid vil vaktselskapet gi beskjed om at du må ta strykejernet ut av stikkontakten, lenge før det tek til å brenne. Tryggingsbransjen vil gradvis gå frå å vere ein bransje som rykkjer ut når det skjer noko, til å vere ein bransje som driv med førebyggjande tiltak.

Automatisering gjennom kunstig intelligens

Nokre gonger ønskjer vi oss maskinar som kan etterlikne intelligent, menneskeleg oppførsel – og kvaliteten på slike system har etter kvart vorte betre og betre ved å bruke fleire maskinlæringsteknikkar for å trene opp datamaskinar. Forskarar og økonomar trur slik automatisering vil ha stor effekt på arbeidsmarknadene og kva jobbar vi utfører.

Eit døme er chat-robotar, der forbrukarane kan skrive til ein robot og få hjelp til å bestille eller returnere ei vare. Slik vil maskinar erstatte menneske som jobbar med kundeservice. Andre yrke ein trur vil bli erstatta med maskinar i framtida, er matlaging, kontoradministrasjon og transportjobbar som taxi-, buss- eller lastebilsjåfør.

Uansett er det klart at bedrifter som er i stand til å utnytte den raske teknologiske utviklinga, vil få eit konkurransefortrinn samanlikna med konkurrentar som ikkje forstår eller tør å satse på dei nye moglegheitene.

Faglege omgrep

Maskinlæring: Datamaskinar som nyttar statistiske metodar for å finne mønster i store datamengder. Vi seier at maskinen «lærer» i staden for å bli programmert.

Samfunnsansvar: Bedrifter som frivillig tek sosiale og miljømessige omsyn i den daglege drifta, tek samfunnsansvar.

Sensorar:
Ein sensor registrerer ting som skjer i omgivnadene, og kan sende data, eller informasjon, ut på tingnettet.

Tingnettet:
Frå engelsk Internet of Things. Ulike tekniske apparat er kopla til internett og kan kommunisere med kvarandre.





CC BY-SASkrive av Anne Kristine von Hirsch. Rettshavar: MarkedsPartner AS
Sist fagleg oppdatert 05.12.2019

Læringsressursar

Omstilling og utvikling