Hopp til innhald

Fagstoff

Kva inneber ein omstillingsprosess?

Ein omstillingsprosess kan ta tid. Det kan dreie seg om mange veker eller månader, nokre gonger år. Endringane kan påverke fleire område, og det er mange omsyn å ta.
Illustrasjon av skyteneste: Ein skuff blir trekt ut av ein jordklode. Oppi skuffen er det ein filmrull, ei bok og ein cd. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Område som blir påverka av ei omstilling

Dei vanlegaste områda som blir påverka når ei verksemd må omstille seg, er

  • produkt
  • tilsette
  • arbeidsoppgåver og arbeidsavtalar
  • kunnskap og kompetanse
  • arbeidsmåtar og organisering
  • arbeidsstad
  • kultur

La oss sjå litt nærare på kvart av områda:

Produkt

Ei verksemd varer ikkje lenge om ho sel produkt folk ikkje vil ha. Då er det heilt nødvendig å gjere endringar for å overleve, noko mellom anna Posten har måtta gjere. Det som tidlegare var ein stor statleg etat, har blitt til ei privat bedrift med betydeleg færre tilsette. Den viktigaste årsaka til omstillinga i Posten var at folk slutta å sende brev til kvarandre. Det tvinga Posten til å tenke nytt, og dei er stadig i endring.

I 2019 inngjekk Bring, som er ein del av Posten Noreg, ein avtale med mellom anna avfallsselskapet Ragn-Sells. Avtalen går ut på at miljøvennlege køyretøy skal frakte pakkar og gods til kundar i Oslo sentrum og ta med seg avfall ut igjen. Og kven veit, kanskje kjem dei òg til å tilby å levere mat og medisinar heim til folk i framtida? Omstillingar kan fremme samarbeid på tvers av bransjar.

Les meir om prosjektet i artikkelen "Inn med pakker, ut med avfall" på Bring.

Tilsette

Dei fleste tilsette i ei verksemd blir påverka i ei omstilling. Mange blir usikre på framtida og kva som vil skje med arbeidsoppgåvene deira. Nokre blir redde for å miste jobben. Det kan gå ut over sjølvtilliten og påverke livet utanfor jobben òg. Kanskje er ikkje du blant dei som lèt endringane gå veldig inn på deg. Uansett er det viktig at du som tilsett får informasjon om kva som skal skje, at du opplever å bli høyrd, og at du grip dei nye moglegheitene som oppstår.

Med dette i bakhovudet vil du òg vere i stand til å vise forståing for kollegaer som reagerer annleis enn deg sjølv. Openheit, samhald og tillit betyr mykje på ein arbeidsplass.

Relatert innhald

Arbeidsoppgåver og arbeidsavtalar

Som tilsett i ei verksemd skal du ha ein skriftleg arbeidsavtale som beskriv stillinga di. Dersom ei omstilling medfører at arbeidsavtalen din må endrast, har du som arbeidstakar rett til å få hjelp frå ein tillitsvald på jobben eller ein annan representant. Samtidig bør du òg vite at arbeidsgivaren din har noko som blir kalla for styringsrett. Det vil seie at ho eller han har rett til å bestemme at arbeidsoppgåver skal endrast. Som regel ønsker både arbeidsgivaren og arbeidstakaren å finne ei løysing som er best mogleg for begge partar.

La oss sjå på eit døme på korleis arbeidsoppgåver kan endre seg: Ein person har hatt som jobb å svare på telefonar i ei kundeserviceavdeling, men no skal ein chatbot ta over oppgåva med å svare på dei vanlegaste spørsmåla. Personen blir derfor sett til å gjere andre oppgåver.

Kunnskap og kompetanse

Kunnskap og kompetanse speler ei viktig rolle i ein omstillingsprosess. Slik arbeidslivet har blitt i dag, er ingen av oss utlærte sjølv om vi kjem rett frå skulebenken. Teknologien utviklar seg heile tida. Derfor må du vere førebudd på at du må halde deg oppdatert på ny kunnskap, og du må vere villig til å skaffe deg den kompetansen jobben din krev.

Det kan til dømes vere kompetanse til å bruke ei ny kommunikasjonsplattform, slik som Office 365. Å ta i bruk denne plattforma har vore – og er framleis – ei stor utfordring for mange som har vore vane med gamle system, og som synest vanleg e-post fungerer bra nok.

Det å lære seg noko nytt krev lyst, motivasjon, vilje og kanskje mot. Hugs: Det er ikkje sikkert at det som verkar lett for deg, er like enkelt for dei du jobbar saman med. Forsøk å motivere kollegaer som synest det er noko skikkeleg herk å måtte lære seg noko nytt. Kanskje utsegna nedanfor frå Telenor kan vere til inspirasjon?

"Det er ikke teknologi som skaper innovasjon, men smarte folk som forbedrer arbeidsformene sine."

Arbeidsmåtar og organisering

Telenor, og sikkert fleire andre store bedrifter, meiner at verksemder må bruke innsikt (kunnskap og forståing) til å skape dei tenestene folk liker best, om dei skal lykkast i åra framover. I tillegg må dei jobbe smartare gjennom å digitalisere ulike måtar å jobbe på. Måten folk utførte ei oppgåve på tidlegare, er ikkje nødvendigvis den mest effektive i dag.

Når det gjeld organisering, kan ei omstilling til dømes føre til at avdelingar blir oppløyste, eller at ein går frå ei kontorløysing med lukka kontor til skrivebord i opne landskap – eller ingen faste arbeidsplassar i det heile. Det fører oss over på neste punkt, som er arbeidsstad.

Arbeidsstad

Resultatet av ein omstillingsprosess kan nemleg òg føre til at folk får ein heilt ny arbeidsstad. Under regjeringa til Erna Solberg blei nesten 1 200 arbeidsplassar flytta ut av Oslo. Dette er omstillingar som kom av krav frå styresmaktene, som meiner at staten skal vere til stades i heile landet.

Kultur

Vi kan ikkje snakke om omstilling utan å snakke om kultur – eit omgrep som mellom anna omfattar historia vår, måten vi gjer ting på, tru, normer og reglar. Kultur er overalt, også på arbeidsplassen. I ein omstillingsprosess må ein ta stilling til kulturen for verksemda. Kva er verd å ta vare på, og kva bør endrast? Du har kanskje høyrt uttrykket ukultur? Det er ikkje all kultur som er bra. Ein omstillingsprosess kan vere eit godt høve til å gjere noko med det.

Kjelder

Telenor. (22. januar 2020). Slik digitaliserer du bedriften med Office 365 levert av Telenor. Henta frå https://www.telenor.no/bedrift/aktuelt/o365/

Bring. (u.å.). Elskede by: Inn med pakker, ut med avfall. Henta frå https://www.bring.no/magasinet/innovasjon-og-barekraft/elskede-by

CC BY-SASkrive av Tone Hammer. Rettshavar: MarkedsPartner As
Sist fagleg oppdatert 08.08.2023

Læringsressursar

Omstilling og utvikling