Hopp til innhald

Fagstoff

Finst det ein norsk kultur?

Det er vanskeleg å definere kva som er norsk kultur. Den norske kulturen har ein del fellestrekk, men det er store skilnader på kystkulturen i Lofoten, bykulturen i Oslo og bondekulturen på Hedmarken.

Fellesskapskjensla – vi-kjensla – er viktig for opplevinga av å høyre til ein stad og kjensla av å vere akseptert eller godteken som ein medlem av ei gruppe. Dette fører og til at noko skil «oss» ut frå «dei andre». Det er fellesskapskjensla som kan få oss til å stoppe opp i ein butikk i utlandet og seie: «Hei, er du norsk du òg?»

Til diskusjon

Sjå på kollasjen over. Kva meiner du er typisk norsk, og kva meiner du ikkje er ein del av den norske kulturen?

Dersom de diskuterer dette i klassen, blir de kanskje ikkje heilt einige om kva som er typisk norsk og ikkje. Kva med pizza? Nokon vil nok seie at han ikkje høyrer med til norsk kultur, medan andre kanskje vil seie at dei et pizza kvar veke, og at pizzaen derfor er ein viktig del av det dei meiner er norsk kultur. Mange av dykk kan nok vere einige i at det å gå på ski høyrer inn under norsk kultur. Likevel er det mange i Noreg som aldri går på ski.

I eit fleirkulturelt samfunn, som Noreg er, skjer utviklinga fort. Da er det kanskje ikkje så viktig kvar ein tradisjon kjem frå, men kva vi har gjort med tradisjonen. Om vi har teke noko opp i den norske kulturen, til dømes pizza, så er han ein del av den norsk kulturen. Ut frå ei slik forståing blir alle bileta i kollasjen over ein del av den norsk kulturen.

Alle vil kanskje ikkje vere einige i forklaringa over, og truleg er det ikkje mogleg å bli heilt einige om kva norsk kultur er. Likevel er det fleire ting dei aller fleste vil vere einige om at høyrer inn under norsk kultur, som 17. mai, bunader, flagg og nasjonalsongen vår.


Utfordringar til deg

  1. Tenk deg at du skal lage eit bilete med ulike ting som symboliserer norsk kultur. Kva ville du velje?
  2. Samanlikn dei bileta de har laga, og diskuter kvifor dei er ulike.
  3. Er nynorsk meir norsk enn bokmål?
  4. Er bunaden framleis norsk om han blir sydd i Kina for at han skal bli billigare?
  5. Kva er typisk norsk?
  6. Sjå filmen Hilsemåter.
    – Er det som blir presentert her, typisk norsk?
    – Er dette sider ved den norske kulturen vi er stolte av, eller er det ting vi kan lære av andre kulturar på desse områda?

Relatert innhald

Sjå film om skikk og bruk i norsk kultur, og jobb med oppgåver om korleis vi helser på kvarandre.

CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2017

Læringsressursar

Kommunikasjon og kultur