Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er kultur?

Mange forhold rundt oss menneske heng saman med kultur. Kultur verkar inn på korleis vi oppfører oss, kva vi likar og ikkje likar, korleis vi snakkar til kvarandre, og kva vi oppfattar som rett og gale. Dei som skal arbeide med menneske, må derfor ha forståing for kva innverknad kultur har.

Vi blir fødde og sosialiserte inn i en kultur. Gjennom oppseding, opplevingar og aktiv deltaking tek vi opp i oss den kulturen som gjeld der vi veks opp. Kultur blir overført frå generasjon til generasjon, men kulturen endrar seg likevel over tid.

Begrepet kultur

Kultur er eit omfattande omgrep, og det kan forklarast på mange ulike måtar. I denne samanhengen handlar det om felles idear, verdiar, haldningar, reglar, vanar og tradisjonar. Moralske og religiøse levereglar som råder i eit samfunn, er òg ein del av kulturen i samfunnet.

Kulturen sveiser oss saman

Grunnen til at kulturen sveiser oss saman, er at vi veks inn i ein fellesskap når vi veks inn i ein kultur. Vi lærer oss og tek opp i oss det folk i tidlegare tider har hatt felles når det gjeld kunnskapar, idear, verdiar og normer, og som dei meiner er så viktige at dei ønskjer å føre dei vidare til dei nye samfunns medlemmene.

Dei nye samfunnsmedlemmene kjem derfor til å dele dette med forgjengarane. Dermed får vi ein fellesskap ikkje berre mellom dei som lever samstundes, men også mellom dei gamle og dei nye generasjonane.

Overføring av kultur

La oss sjå litt nærmare på korleis denne overføringa av kulturen frå ein generasjon til den neste har skjedd opp gjennom tidene.

  • Dei nye samfunnsmedlemmene har måtta lære seg stort sett dei same grunnleggjande kunnskapane om samfunnet og omverda som generasjonen før dei. Det er jo den eldre generasjonen som bestemmer kva dei unge skal lære. Barna og ungdommen får denne kunnskapen frå foreldre og nærmiljø, i barnehage og skule.
  • Den eldre generasjonen prøver også å fortelje den yngre at det er best at dei unge lever etter dei gamle sosiale normene. Desse normene byggjer på verdiar som vi har felles. Dei fleste av oss er til dømes samde i at det er gale å stele, at drap er ei forferdeleg handling, og at det er best å vere ærleg i dei fleste situasjonar. Det finst nok folk som er usamde i desse normene, men dei er ikkje så mange at fellesskapen sprekk av den grunn.
  • Frå tidlege barneår av tek vi del i og lærer oss dei same rituala. Eit ritual er ei handling som gong etter gong blir utført på same måten i visse situasjonar, til dømes dåps-, vigsel- og gravferdsseremoniane. Andre døme er jule-, nyttårs- og 17. mai-feiringa her i landet.

Utfordringar til deg

  1. Søk på kultur på Internett. Kva finn du av interessante sider? Hugs kjeldekritikk! Vel ut eit utval sider som du overfører til Scrapbook eller andre lagringsverktøy.
  2. Kva betyr ordet kultur?
  3. Fordjupingsoppgåve: Les om kulturomgrepet på samfunnsfagsidene.

Relatert innhald

Ekstern
Kultur

Nettside hos snl.no