Samisk kultur
Grupper som er i fleirtal, kallar vi gjerne majoritetar. Grupper som er i mindretal i eit samfunn, kallar vi minoritetar. Minoritetane blir ofte delte inn i to grupper:
- etniske minoritetar
- religiøse minoritetar
Samane er ei gruppe urfolk som har hatt tilknyting til Noreg lenge før den norske staten blei oppretta. Dei står derfor i ei særstilling som minoritetsgruppe, og dei har rettar som andre grupper i Noreg ikkje har. Dette gjeld mellom anna:
- rett til opplæring på eige språk
- eige parlament (Sametinget)
- radio- og fjernsynsstasjon med eigne sendingar
- eigne samiske skolar og samisk høgskole.
Slik har det ikkje alltid vore. I lange periodar har det samiske folket vore utsett for undertrykking, mishandling og forsøk på fornorsking. På femtitalet blei samiske barn plasserte på internatskolar der det ikkje var lov å snakke anna enn norsk. I denne perioden var det mange samar som ikkje lærte samisk skikkeleg.
Når vi snakkar om samisk kultur, tenkjer vi ofte på den tradisjonelle kulturen med:
- reindrift
- samisk språk og joik
- samiske klede og sko
- duodji, samisk brukskunst
- samisk mat
- Sametinget
- den samiske nasjonaldagen (6. februar) og det samiske flagget
Kor stor tilknyting samar i dag har til punkta over, vil variere mykje. For eksempel vil pizza vere vanlegare mat enn den tradisjonelle samiske maten for ein god del samar.
Som fagarbeidar i oppvekst-, helse- og sosialsektorane vil du ha behov for kunnskap om samisk kultur dersom du arbeider i samiske bosettingsområde eller møter samiske brukarar der du jobbar. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du medverke til at barn og unge får kunnskap om samisk kultur.
- Lag ein plakat som skildrar samisk kultur.
- Sjå filmen Samisk barneoppdragelse over.
Kva for sider av den samiske kulturen blir skildra i denne filmen?
Korleis trur du opplevingane barna får, påverkar oppveksten deira? - Fordjupingsoppgåve: Les meir om urfolk og samisk kultur på samfunnsfagsidene.
Relatert innhald
Tre unge samar fortel om identitet, kultur og levesett i denne undervisningsfilmen.