Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kommunikasjon på tvers av kultur

Kva kan vi lære om kommunikasjon og kultur av ein engelsk-italienar som er busett i Noreg?

Oppgåve

I videoen under beskriv Pellegrino Riccardi sine erfaringar med kommunikasjon på tvers av kulturar.

TED X på YouTube: Cross cultural communication

Sjå videoen og bruk kunnskap om kommunikasjon og kultur til å reflektere rundt desse spørsmåla:

  • Kva er Riccardi sin definisjon av kultur? Liknar han på nokon av definisjonane på kultur som du kjenner til frå før?

  • Kvifor trur du han blir behandla ulikt ut frå kva nasjonalitet andre oppfattar at han har?

  • Kva normer og verdiar i den norske kulturen peiker han på i døma sine?

  • "Viss du skal forstå andre, må du først forstå deg sjølv". Kva er tankane dine om denne påstanden?
  • Pellegrino Riccardi bruker erfaringane sine til å kome med råd om korleis vi kan kommunisere på tvers av kulturar. Kan du summere opp råda hans i fem setningar?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 24.03.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon og kultur