Hopp til innhald

Fagstoff

Interaktivitet – ein aktiv mediebrukar

Tidlegare var mediebrukarar passive når dei såg på TV, las ei avis eller lytta på radio. Mediekvardagen i dag opnar for ein meir aktiv bruk av media, der du som publikum kan vere med å bestemme kva som skjer på ei nettside, i eit spel eller i eit TV-program.
Ein person ser på ein TV-skjerm. Ein annan person er på berbar PC og får mange val. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Interaktivitet

Før var kommunikasjon frå media einvegs der media sende ut tekstane og programma sine, og du var ein passiv mottakar som tok i mot innhaldet utan å kunne påverke det. No har det vore meir og meir tovegskommunikasjon der du som mottakar er aktiv og kan påverke innhaldet.

Eit eksempel er at ein TV-sjåar kan sjå på konkurranseprogram og røyste på deltakarar og dermed påverke kven som vinn, mens at du før fekk servert alt ferdig utan moglegheit til å bestemme kva som skal skje. At brukaren kan påverke det han skal sjå eller oppleve på til dømes ei nettside eller i ei forteljing, er interaktivitet.


I dataspelverda får du ofte bestemme kva for avatar du skal spele med, kva for bil du skal køyre og kva som skal skje i gitte scenario. Filmar og seriar har tradisjonelt vore lineære forteljingar med ei utvikling. No finst det multilineære seriar og filmar der du som publikum kan bestemme korleis forteljinga skal utvikle seg.

Interaktivitet

Interaksjon betyr samspel med noko eller nokon. Det blir brukt mykje innan IT og det samspelet som oppstår mellom ein brukar og eit program eller eit datasystem. Brukaren sine handlingar påverkar utføringa av programmet (Store norske leksikon).

Interaktiv nettavis

Det er mange ulike måtar mediebrukarar kan navigere på i eit medieuttrykk. Spesielt nettmedium og nettaviser opnar opp for mange ulike typar interaktivitet. I ei vanleg nettavis må du gjere ei rekkje val. Ei papiravis og nettavis opnar opp for at du sjølv kan bestemme kva du ønskjer å sjå eller lese og når det skal skje.

I nyheitssendingar på TV og radio, derimot, er det ikkje slik. Du får presentert ei viss mengde nyheiter som er sett opp i ei prioritert rekkjefølgje av redaktøren, og det er bestemt kva som kjem først og sist og kor lange innslaga er.

I ei nettavis kan du velje

  • kva saker du vil lese eller ikkje
  • å klikke deg lengre inn og finne ut meir via hyperlenkjer
  • å ta kontakt via e-post, telefon eller kontaktskjema
  • å chatte med ein som er tilsett i bedrifta
  • å røyste på meiningsmålingar som er opne for alle
  • å skrive i kommentarfelt eller chatte

Trykk på punkta på illustrasjonen under, og sjå ulike måtar ei nettavis kan vere interaktiv på.

Interaktive TV-program

Tidlegare dominerte lineær-TV som medieunderhaldningstilbod, og det var ikkje så mange alternativ. Publikum fekk det same tilbodet. No finst det mange strøymetenester, og dei fleste TV-kanalane har i tillegg eigne nett-kanalar der du som mediebrukar sjølv kan velje kva du ønskjer å sjå og når. Konkurransen om oppmerksemda til publikum er større, og det er du som mediebrukar som bestemmer kva du vil sjå på.

At publikum kan bidra i TV-program, er ikkje heilt nytt. I talentprogram kan publikum ringje inn eller sende SMS og røyste på favoritten sin, og det har dei gjort i fleire tiår. Den teknologiske utviklinga har opna opp for enda meir brukarmedverknad.

Interaktiv laurdagsunderhaldning

I 2018 lanserte NRK det direktesende underhaldningsprogrammet Alle mot 1, der ein deltakar i studio skulle gjette utfallet av ei rekkje eksperiment. I tillegg kunne TV-sjåarane konkurrere mot deltakaren i sanntid gjennom ein app ved å gjette utfallet på dei same eksperimenta. Kva deltakaren gjetta, gjennomsnittet av kva publikum i Noreg gjetta og det faktiske resultatet påverka kva pengesum deltakarar og publikum skulle få. Deltakar og publikum konkurrerte om til saman 100 000 kroner i kvar episode.

Sjå biletserie frå Alle mot 1:

Interaktivitet i sosiale medium

Sosiale medium som Facebook, YouTube og Instagram er viktige kanalar for kommunikasjon der både privatpersonar og profesjonelle aktørar lagar innhald. Mange lever av å lage underhaldning i sosiale medium.

Respons og tilbakemeldingar til medieskaparen gir publikum moglegheit til å bestemme innhaldet. Nokre youtubarar har til og med direktesendingar der du kan medverke direkte til kva som skal skje vidare, gjennom til dømes kommentarar og pengedonasjonar.

Spørsmål til teksten

  1. Kva er interaktivitet?
  2. Kva er einvegskommunikasjon og tovegskommunikasjon?
  3. På kva måtar kan ei nettavis vere interaktiv?
  4. Kva tenkjer du om at publikum kan påverke kva ein youtubar gjer?

Kjelde

Persvold, A. Z. (2018, 8. mai). Interaktivitet. I Store norske leksikon. Henta 1. mars 2020 frå https://snl.no/interaktivitet

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2019

Læringsressursar

Interaktivitet og fortelling