Hopp til innhald

Fagstoff

Hypertekstualitet, interaktivitet og multimedialitet

Skjermtekstar med peikarar, lenker og nodar gir lesaren moglegheit til å lese og bevege seg i teksten på andre måtar enn i analoge tekstar. Teknologien gjer det også mogleg for lesaren å vere interaktiv og påverke teksten han les.
Nærbilde av en kraftig, rusten kjetting. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hypertekstualitet

Når du les ei nettside, kan du klikke på peikarar som fører deg vidare til andre nettsider. Dette blir kalla hypertekstualitet, og er ein måte å strukturere tekstelementa i ein skjermtekst på.

I ein tradisjonell skriftleg tekst vil vi lese frå venstre mot høgre, og det er tydeleg kvar teksten begynner og sluttar. I ein skjermtekst blir det derimot oppretta relasjonar mellom tekstelement ved hjelp av linkar, peikarar og nodar.

Når du klikkar på ein peikar, blir du ført via ein link til ein node. Slik blir det oppretta samband mellom ulike tekstelement. Linkane kan vere eksterne, det vil seie at dei leier ut til ein annan nettstad. Dei kan også vere interne, det vil seie at dei fører til ei anna side innanfor den same nettstaden.

Lesaren har fleire val

Hypertekstualitet gir oss ein annan måte å lese tekstar på. Vi er ikkje bundne på same måten som når vi les ein tradisjonell tekst. Ein skjermtekst kan ha fleire peikarar, og lesarane kan velje å lese teksten slik dei sjølv ønskjer, alt etter kva slags peikarar dei følgjer.

Hyperteksten sprengjer alle rammer for ein tradisjonell tekst: I ein hypertekst kan vi finne alle kjeldene i fullstendig form, mens ei trykt bok berre vil kunne innehalde referansar til andre verk, ev. korte beskrivingar som fotnotar.

Likheiter med analoge tekstar

Det er likevel ein viktig likskap mellom tradisjonelle tekstar og skjermtekstar, og det er kravet om samanheng. Nodane vi kjem til etter å ha følgt ein peikar, kan vere skrift, bilete eller film, men det må vere samanheng mellom peikaren og noden.

Vi tenkjer gjerne at hypertekstualitet er noko vi berre finn i skjermtekstar, men det finst også tekstar som ikkje er laga for datamaskin som bruker dette prinsippet. I eit leksikon kan du slå opp ord på kryss og tvers, og du vil neppe lese det lineært.

Dagens papiraviser og vekeblad er også hypertekstar. På forsida og/eller baksida blir det presentert korte utdrag av viktige saker, men du vel sjølv leseretning. Det er fullt mogeleg å starte lengst bak i avisa eller vekebladet og bla seg framover, utan at det nødvendigvis går på kostnad av meininga.

Interaktivitet

Interaktivitet fortel oss noko om kommunikasjonen mellom datamaskinen og brukaren. Hadde det ikkje vore mogleg med aktivitet på ein datamaskin, ville maskinen neppe vore så veldig populær. Vi skal bruke dei tre kriteria val, dialog og innverknad for å forklare omgrepet interaktivitet.

I eit dataspel kan du bli stilt overfor fleire val som vil føre deg inn på ulike vegar. Du kan også vere i dialog med maskinen og få tilbakemeldingar om feil eller alternative løysingar, til dømesl i arbeidet med ei interaktiv oppgåve.

Eit tredje viktig kjenneteikn ved interaktivitet er brukarinnverknad. Du kan ha sjansen til å vere med og utforme komposisjon og innhald i teksten, til dømes ved å redigere i teksten eller leggje til nye peikarar.

Multimedialitet

Multimedialitet kjenner vi igjen frå omgrepet multimodal tekst. Skjermtekstar gjer det mogleg for oss å produsere tekstar på mange måtar, der ulike teksttypar eller modalitetar blir sette saman. Det interessante her er å finne ut korleis dei verkar saman og utgjer ein skjermtekst.

Når ein multimedial tekst skal produserast, treng ein kunnskap innanfor fleire fagfelt. Ein må kunne noko om grafisk design; korleis du skal setje bilete og tekst saman slik at bodskapen blir formidla på best mogeleg måte. Vidare er typografi, fotografi og dramaturgi viktig, og kunnskap om korleis ein bodskap skal illustrerast.

Kjelde

Schwebs, T. og Otnes, H. (2006) tekst.no. Strukturer og sjangrer i digitale medier. Cappelen Damm/LNU

CC BY-SASkrive av Marita Aksnes. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Interaktivitet og fortelling