Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyser ei interaktiv forteljing

Sjå ei interaktiv forteljing åleine eller saman med klassen. Studer og observer korleis ho er bygd opp, ta ulike val, og beskriv og analyser den interaktive forteljinga.
Ei interaktiv historie gir ei rekke val som påverkar historia. Blir du rana, skal du då velje å springe etter ranaren eller skal du ringje politiet? Illustrasjonen viser deg ulike val du kan ta undervegs, og kva konsekvensar vala dine har for forteljinga. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Gjer ein analyse av ei interaktiv forteljing. Bruk strukturen frå sjekklista under. Denne passar best til ein skriftleg analyse, men sjekklista kan tilpassast eit anna format som ein presentasjon eller ein video.

Målet med denne oppgåva er at du skal bli trygg på omgrep som interaktivitet, dramaturgi og kva interaktiv historieforteljing er. Gjennom utforsking av ei interaktiv historie skal du finne igjen kjenneteikn ved ei interaktiv forteljing. Du skal sjå på fleire moglege utviklingar av ei forteljing som startar med eitt utgangspunkt.

Når du er ein aktiv mediebrukar, får du moglegheit til å påverke forløpet. Når du sjølv gjer ein analyse, set opp strukturen og til slutt reflekterer over korleis du opplever ei interaktiv historie, stiller du sterkare når du sjølv skal utvikle interaktive forteljingar.

Fase 1: Set deg inn i fagkunnskap om interaktivitet

Fase 2: Utforsk ei interaktiv forteljing

Vel ei interaktiv forteljing. Bruk punkt 1 i sjekklista nedst på sida og finn informasjon om forteljinga.

Det kan vere

  • eit dataspel

  • ein interaktiv nettreportasje

  • ein interaktiv serie

Fase 3: Sjå produktet

Sjå produktet og jobb med punkt 2 og 3 i sjekklista. Dette kan gjerast individuelt eller i plenum i klassen. Anten kan de systematisk alltid velje alternativ til venstre eller høgre, eller så kan de velje frå gong til gong. Ser klassen den interaktive forteljinga saman, kan de røyste over alternativa de vel. Gjer det med handsopprekking, lappar med alternativ a og b eller gjennom eit interaktivt program. Poll Everywhere er eit gratis verktøy som kan brukast i PowerPoint, og her kan de røyste over alternativ fortløpande.

Fase 4: Sjå produktet igjen og prøv andre alternativ

No er det på tide med ein alternativ versjon. Vel andre alternativ enn den første gongen. Sjå punkt 4 i sjekklista.

Fase 5: Gjer analysen

Sjå punkt 5 i sjekklista og gjer analysen.

Fase 6: Reflekter

Sjå punkt 6.

Sjekkliste analyse av interaktiv forteljing

  1. Ha med kort informasjon om den interaktive forteljinga:
    • Tittel
    • Skapar
    • Produksjonsår
    • Varigheit
    • Medietype
    • Format/lenke/teneste
    • Kort skildring av utgangspunktet for forteljinga (stad, karakter, mål)
    • Minst eitt bilete (før opp kjelda)
  2. Sett opp struktur med vala du tek når du ser filmen den første gongen, nummerer desse. Nummerer kvart val frå starten av med tal frå éin og utover. Beskriv alternativa med bokstavar frå a og utover. Skriv heilt enkelt og i stikkordsform.
  3. Beskriv og forklar dei vala du tek og korleis historia utviklar seg. Vis til strukturen frå punkt 2. Fortel kvifor du gjekk for desse vala.
  4. Sjå forteljinga igjen, ta andre val, utvid strukturen frå punkt 2. Beskriv og forklar kva som er likt og ulikt frå den første versjonen du såg. Legg merke til korleis historiene sluttar.
  5. Analyser forteljinga. Trekk inn fagkunnskapar og dine eigne tankar og refleksjonar. Gå for den første eller den andre versjonen du såg. Beskriv hovudtrekk i handlinga. Vel deg ut to av temaa under som du fokuserer på.
    • Dramaturgi
    • Korleis interaktivitet påverkar historia
    • Bruk av verkemiddel (vel eit par)
    • Klippeteknikk
    • Karakterar, utvikling og samspel
  6. Reflekter til slutt. Skriv eit par avsnitt om korleis du opplevde denne interaktive forteljinga. Kva er fordelar og ulemper med å ha ei multilineær, interaktiv forteljing samanlikna med ei lineær forteljing utan val og påverknad av deg som sjåar? Kva har du sjølv lært om interaktive forteljingar av å analysere denne forteljinga? Skriv tre tips til deg sjølv og andre medieelevar som skal lage ei interaktiv forteljing.

Relatert innhald



CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid .
Sist fagleg oppdatert 11.01.2023

Læringsressursar

Interaktivitet og fortelling