Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet interaktivitet og historieforteljing

Kor godt forstår du interaktivitet?
Ein mann og ein gut sit på ein krakk med ryggen mot kvarandre. Mannen ser på TV, og guten har øyreklokker på og held på med ei berbar datamaskin. Snakkebobler over datamaskina viser at guten både les tekstar, ser på filmar, chattar og deltek i avstemmingar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du forstått?

Kan du svare ja på alle spørsmåla nedanfor, har du god greie på kva interaktivitet er.

  • Eg kan forklare kva interaktivitet er.
  • Eg forstår forskjellen på å strukturere ei interaktiv forteljing som pyramide, i ruter og i ein friare struktur.
  • Eg forstår korleis kjernar og satellittar fungerer i ei interaktiv forteljing.
  • Eg kan teikne opp strukturen i ei interaktiv forteljing.
  • Eg kan planleggje og produsere innhald til ei interaktiv forteljing.
  • Eg kan analysere ei interaktiv forteljing.

Nøkkelord

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2020

Læringsressursar

Interaktivitet og fortelling